Konsulent Lægreid skule

Konsulent Lægreid skule

Ledig  inntil 100 % fast stilling som konsulent ved Lægreid skule, Eidfjord
Søknadsfrist 22.07.2021

Søknad

Søknadskjema

Vår dyktige konsulent vert no pensjonist, og me treng å finna hennar etterfylgjar. Frå og med 01.11. 2021 søkjer me difor etter ein serviceinnstilt, arbeidsam og motivert person som ynskjer å jobba i eit utviklingsorientert miljø med høgt tempo.

Om stillinga

Som konsulent jobbar du i "hjarta" av skulen, og er på mange måtar skulen sitt ansikt utad. Arbeidsoppgåvene vil vera varierte og ingen dagar vert like. Du må ha evna til å ta unna både løpande driftsoppgåver og utfordringar som dukkar opp. Du vert gjeven betydeleg ansvar, og vil ha tett samarbeid med rektor, assisterande rektor og SFO-leiar.

Arbeidsoppgåver

I den utvida stillinga vil desse arbeidsoppgåvene inngå:

  • Vera superbrukar i Visma Flyt Skole , Websak Fokus og andre administrative program som kommunen nyttar
  • Fakturahandsaming, lønsarbeid og innkjøp for skulen
  • Post og å ivareta og vidareutvikla elektronisk elevarkiv
  • Fråværsregistrering
  • Ansvar for sakshandsaming og organisering av varmt skulemåltid, skuleskyss, offentleg bading og SFO
  • Ansvar for drift og sakshandsaming i vaksenopplæringa
  • Andre oppgåver kan verta tillagt stillinga

Minstekrav

  • Fagarbeidar i kontorfag eller anna relevant høgare utdanning knytt til administrasjon/økonomi
  • Gode dataferdigheiter; Outlook, Teams, Word, Excel, m.m.
  • Erfaring frå relevant offentleg eller privat verksemd og god kjennskap til ulike sakshandsamingsprogram
  • God kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg

Eigenskapar

  • Fleksibel, lojal og løysingsorientert
  • Ryddig, strukturert og sjølvgåande
  • Jobbar godt i team og har gode samarbeidseigenskapar
  • Respektfull og serviceinnstilt i møte med menneske
  • Godt humør og stå-på-vilje

Me tilbyr

  • Det vert gjeve opplæring i arbeidsoppgåver som er lagt til stillinga, slik at me får best mogeleg overgang for alle partar.
  • Tilsetjing på kommunale vilkår og med dei pliktene som fylgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar.

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing.

Spørsmål

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor/einingsleiar Anne Istad på telefon 977 82 614 eller på skule@eidfjord.kommune.no

Kontakt

Anne Istad
Rektor/Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 36 22
Mobil 977 82 614