Konsulent ved tenestetorget

Konsulent ved tenestetorget

100% fast stilling som konsulent ved tenestetorget i Eidfjord kommune
Søknadsfrist: 22. juli 2021

Søknad

Om stillinga

Tenestetorget høyrer til staben under rådmannen i sentraladministrasjonen. Me arbeidar tett saman med dei andre einingane og har ansvar for både den administrative og politiske delen, i tillegg til sentralbord og publikumstenester. 

Det vert ledig inntil 100% fast stilling ved tenestetorget i Eidfjord kommune då nokon av dei tilsette pensjonerer seg.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er mange, men er i hovudsak knytt til post- og arkivsystem, support og service utad og innad. I tillegg er det kontoroppgåver knytt til ulike kommunale tenester. Til stillinga ligg også sakshandsaming av ulik art.

Me ynskjer at du

  • har høgare utdanning innan kontor og administrasjon
  • har kunnskap om, og praksis frå offentleg verksemd
  • har kjennskap til sak/arkivsystemet vårt websak med tilhøyrande modular
  • er løysningsorientert, stabil og fleksibel i høve til arbeidsoppgåver 
  • er strukturert, nøyaktig og likar system
  • har gode evner til samarbeid og sjølvstendig arbeid, samt vera med å bidra til fortsatt godt arbeidsmiljø
  • oppteken av å utvikla og effektivisera tenesta
  • har særs gode datakunnskapar/it-forståing, samt god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Me har nynorsk som vårt skriftspråk
  • er utadvendt, og likar å ha kontakt med folk, og elles ha eit godt humør
  • har evne til å prioritera, og bevara roen i situasjonar der det er travelt

Anna

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Løn etter utdanning og praksis i fylgje tariff

Spørsmål

Dersom du ynskjer nærare opplysningar om stillinga kan du kontakta leiar for tenestetorget, Johanna Maria Hereid, 53673532/95974532

Om Eidfjord