Ledig 100% fast stilling som konsulent ved tenestetorget

Ledig 100% fast stilling som konsulent ved tenestetorget

Det vert ledig 100% fast stilling ved tenestetorget i Eidfjord kommune då noverande tilsett går over til ei anna eining.

Søknadsfrist 18 juni 2019

Søk på stillinga

Tenestetorget er ei eiga teneste under rådmannen i sentraladministrasjonen. Me arbeider tett saman med dei andre einingane og har ansvar for både den administrative og politiske delen, i tillegg til sentralbord og publikumstenester. Kantina ligg også til tenestetorget.

Arbeidsoppgåver er knytt til ekspedisjon og sentralbord, og vil i hovudsak  innehalda informasjon og rettleiing, inkludert kommunal heimeside/facebook og kommunal app. I tillegg er det kontoroppgåver knytt til ulike kommunale tenester. Til stillinga ligg også sakshandsaming og post/arkivarbeid.

Kjernearbeidstid: 08.00-15.00 pga. publikum og sentralbordtenesta.

Me ynskjer at du :

  • har høgare utdanning innan kontor og administrasjon
  • har kunnskap om, og praksis frå offentleg verksemd
  • er løysningsorientert, stabil og fleksibel i høve til arbeidsoppgåver
  • har gode evner til samarbeid og sjølvstendig arbeid, samt vera med å bidra til fortsatt godt arbeidsmiljø
  • oppteken av å utvikla og effektivisera tenesta
  • har særs gode datakunnskapar/it-forståelse, samt god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Me har nynorsk som vårt skriftspråk
  • har gode engelsk kunnskapar sidan me er ei turistbygd
  • er utadvendt, og likar å ha kontakt med folk og elles ha eit godt humør
  • har evne til å prioritera, og bevara roen i situasjonar der det er travelt

Me ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og vil om mogeleg prioritera litt yngre arbeidstakarar.
God kjennskap til Eidfjordbygda frå fjell til fjord er ein stor fordel.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Løn etter utdanning og praksis i fylgje tariff.

Dersom du ynskjer nærare opplysningar om stillinga kan du kontakta leiar for tenestetorget, Johanna Maria Hereid.

Søknad med CV sender du elektronisk via heimesida vår under sjølvbetjening.

Arkivsaknummer er 19/405.
Søknadsfrist: 18. juni 2019

Kontakt

Johanna Maria Hereid
Einingsleiar Tenestetorget
E-post
Telefon 53 67 35 32
Mobil 959 74 532

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00