Ledig 100% stilling som kommunelege 2

Ledig 100% stilling som kommunelege 2

Ledig 100 % stilling som kommunelege 2 frå 15.03.2023. Inntil 20% av stillinga kan nyttast til kommunale oppgåver. Listelengde: 650.

Søknadsfrist 25.01.23

Søknad

Om stillinga

Jobb hjå oss vil gje deg spesielt god moglegheit til å verta kjend med kommunen og lokalsamfunnet, og du vil få  faglege utfordringar utover det kommunestorleiken elles kunne tilseia, og dessutan stor allsidigheit i arbeidsoppgåvene. 

Eidfjord kommune har i dag to faste legestillingar, i tillegg til turnuslege (LIS 1). Andre stillingar ved helseavdelinga er; helsesyster, psykiatrisk sjukepleiar og kommunepsykolog, fysioterapeutar, diabetessjukepleiar, jordmor og sjukepleiarar. Stillinga inneber og tilsyn ved Bygdaheimen.

Søkjaren må ha

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1
  • God kjennskap til norsk helsevesen
  • God samarbeidsevne og fleksibilitet
  • God munnleg og skriftleg kunnskap i norsk
  • Du bør vera spesialist i allmennmedisin, eller i spesialisering
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Førarkort klasse B

Kommunen kan tilby

  • Konkurransedyktig løn
  • Hjelp til å skaffa husvære ved behov
  • Tilrettelegging og rettleiing for gjennomføring av ALIS-utdanning
  • Ei helseavdeling med eit godt utstyrt kontor med m.a. ultralydapparat, EKG, 24t BT, spirometri og lab
  • Ei velfungerande, 12-delt interkommunal legevaktordning på Voss.
  • Ambulanse stasjonert i bygda
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med humor og takhøgde
  • Bedriftshelseteneste 

Andre opplysningar 

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden. I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. 

Kontaktopplysningar 

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med kommuneoverlege Rita Høvset tlf. 413 50 556 eller einingsleiar Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645. 

Om Eidfjord

Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden, med fjord, fjell og vidde som næraste nabo. Kommunen har om lag 920 innbyggjarar, men er stor både i areal og hyttebygging. I avstand ligg me ca. 1,5 timar frå Geilo, 45 minutt frå Voss og 2,5 timar frå Bergen.  

I Eidfjord bur du i distriktet, men samstundes rett i nærleiken av hovudvegen mellom aust og vest. Her får du friluftsliv utan kø, både grøn vår og kvit vinter innanfor 30 minutt, moglegheit til garnfiske på statsallmenninga og tilgang til kommunal hytte i Hardangervidda nasjonalpark.