Ledig fast stilling som miljøarbeider på Ungdomsklubben

Ledig fast stilling som miljøarbeider på Ungdomsklubben

Har du nokre ledige timar på kveldstid og har høve til å bruka dei saman med våre flotte ungdomar?
Søknadsfrist 20.08.2019

 

Søk på stillinga

Stillinga utgjer 12,64 % på heilårsbasis og fylgjer skuleruta. Arbeidet føregår på ettermiddag/kveldstid.

Stillinga er ledig frå 01.09.2019. Arbeidet består i å tilretteleggja for aktivitet og samhandla med ungdom frå 7.klasse til 18 år.

Me ynskjer søkjarar med relevant utdanning og erfaring som kan arbeida sjølvstendig og likar å vera saman med ungdom. Kontakt kulturkontoret for meir informasjon.

Søknaden skal sendast elektronisk, saksnr. 19/519. Det vert krevd politiattest.

Søknadsfrist 20.08.2019.

Kontakt

Lisbeth Bygstad Celik
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 92
Mobil 976 33 956