Ledig inntil 2 faste 100% stillingar som barnehagelærar/spesialpedagog i Modnen barnehage

Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?  Søknadsfrist 31.03.2024

Søknad

Stilling

Me har inntil 100% fast stillingar som barnehagelærar/spesialpedagog ledig i Modnen barnehage

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning, ynskjeleg med vidareutdanning innan
    spesialpedagogikk. Søkjarar med anna pedagogisk høgskuleutdanning kan verte 
    vurdert. 
  • Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter. 
  • God digital kompetanse både i eige planarbeid og saman med borna. 
  • Helsa som gjer det mogleg å vere ein aktiv vaksen i leik ute og inne saman med 
    borna. 

Arbeidsoppgåver

  •  Ansvar for det faglege og pedagogiske arbeidet på avdelinga. Me arbeider for at 
    plantida til pedagogane frå hausten vert lagt til byrjinga og slutten av dagen, slik at 
    ein er på avdeling i kjernetida. 
  • Veileda, støtta og bidra til å utvikle medarbeidarane på avdelinga. 
  • Delegera arbeidsoppgåver. 
  • Tilrettelegga for eit godt samarbeid med føresatte. 
  • Tilrettelegga for eit godt samarbeid mellom avdelingane. 
  • Vera raus og tydleg og by på seg sjølv. 
  • Delta på leiarmøter. 
  • Evne til å ha oversikt, organisere og tilpasse arbeidet etter borna sine behov. 

Personlege eigenskapar

  • Raus og samarbeidsvillig
  • Omsorgsfull og du legg stor vekt på å skapa gode relasjonar
  • Er fleksibel og endringsvillig. Som pedagogisk leiar har du ansvar for å leia og rettleia personalet på avdelinga. Du må difor ha gode føresetnader til dette.
  • Pedagogisk leiar må kunne samarbeida godt med andre på tvers av avdelinga og inngår i leiarteamet i barnehagen.

Me tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver i verdas viktigaste jobb
  • Fagleg engasjerte kollegaer i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle
  • Team som er godt etablert på tvers av avdelingane
  • Stillingsheimlar som gir ein betre bemanningsnorm enn det dei sentrale føringane 
    tilseie.
  • Gode lønnsvilkår. Barnehagelærarane har eit rekrutteringstiltak på kr 17.500 over 
    sentral avtale. Pedagogisk leiar ligg kr 32.500 over grunnlønna til barnehagelærar jf. 
    sentral tariffavtale. Eidfjord kommune kan gje eit kompetansetillegg for relevant etter 
    - og vidareutdanning på kr 10.000 for 30 studiepoeng og kr 20.000 for 60 
    studiepoeng.
     

Menn vert oppfordra til å søkja. 
Stillingane har oppstartsdato fortløapnde og seinast 12.08.24. 
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Spørsmål

For meir spørsmål om stillingane kontakt:

Om barnehagen

Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt, og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.

Kontakt

Anett Viveli
Ass.einingsleiar/Pedagogisk leiar
E-post
Mobil 92 44 38 02
Aina Næss
Einingsleiar /barnehagemynde
E-post
Telefon 53 67 36 02
Mobil 97 59 31 50