Ledig stilling som dagleg leiar i Visit Eidfjord KF

Søknadsfrist 30. juni 2026.
 

Visit Eidfjord har ansvar for drift av cruisehamn, turistinformasjon, marknadsføring og destinasjonsutvikling i ein av dei viktigaste reiselivskommunane på Vestlandet. Visit Eidfjord skal bidra aktivt til ei berekraftig utvikling i samspel med alle interessentar.

Vi søkjer no ein dagleg leiar som vil vere med og forme framtida for reiselivet i Eidfjord. Dette er ei sentral rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, og som ønskjer å vere med på å utvikle Eidfjord til ein heilårsdestinasjon som sikrar økonomisk verdiskaping og tek vare på kultur, natur, klima og miljø.

Utfyllande utlysningstekst og søknadsskjema finner du på rekrutteringsselskapet, Bønes Virik sine nettsider:

Ledig stilling som dagleg leiar i Visit Eidfjord KF