Lysing etter sommarvikarar i helse og omsorg 2024

Ynskjer du ein hyggeleg og meiningsfull sommarjobb i nydelege Eidfjord i
Hardanger?

Søknadsfrist 15.03.2024

Søknad

 

Om stillinga

Dei dyktige medarbeidarane våre skal avvikla velfortent ferie og me treng sommarvikarar som kan bidra.

Me treng sommarvikar på mange område innan helse- og omsorg og søkjer etter sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, fagarbeidarar, helsesekretær, studentar og elevar innan helse- og omsorg.  Andre med relevant erfaring eller interesse for fagområda er og velkomne til å søkja.

Søknaden må innehalda opplysningar om tidsrommet du kan jobba i perioden juni – august. Søkjarar som har vore ferievikarar tidlegare, og som kan arbeida minimum 4 veker vert prioritert.  Å vera ferievikar i pleie – og omsorg inneber å arbeida i turnus.

Me søkjer etter sommarvikarar innan

  • Pleie- om omsorg (Bygdaheimen og heimesjukepleie)
  • Heimehjelp
  • Vaskeri
  • Aktivitetsavdelinga
  • Kjøkken på Bygdaheimen
  • Kontormedarbeidar (bemanning og telefon)
  • Eidfjord legekontor (ikkje turnusarbeid – krav til søkjar: sjukepleiar eller legesekretær)

 

Me kan tilby

  • God opplæring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Andre opplysningar

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma visa politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden. I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjera opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Det er krav om gyldig arbeids- og opphaldstillating.

Kontaktopplysningar

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med avdelingsleiar Margunn Lægreid tlf 414 68 449, kommuneoverlege Rita Høvset tlf: 413 50 556 eller einingsleiar Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645.