Modnen barnehage - fagarbeidar eller assistent - 2 x 100% faste stillingar

Ledige faste stillingar som fagarbeidar/assistent i Modnen barnehage. 
Søknadsfrist 24.04.2024

Søknad

  • Søknadsskjema
  • Søknadsfrist 24.04.2024
  • Merk søknaden med arkivsakID: 24/407

Om stillingane

Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba
med kontinuerleg? Modnen barnehage har ledig 2 heile faste stillingar frå snarast eller seinast 12.08.2024.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar med fagbrev og utan fagbrev kan søkja
  • God munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Raus og samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig
  • Stabil
  • Omsorgsfull og du legg stor vekt på å skapa gode relasjonar
  • Er fleksibel, løysingsorientert og engasjert
  • Tek ansvar

Me tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver i verdas viktigaste jobb
  • Behjelpeleg med vidareutdanning
  • Fagleg engasjerte kollegaer i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle
     

Me vil ved tilsetjing leggja vekt på både praksis, utdanning og personlege eigenskapar.

Anna

  • Oppstartsdato seinast 12.08.24
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Spørsmål?

For meir informasjon om stillingane kontakt:
Assisterande styrar: Anett Viveli Tlf nr 924 43 802
Einingsleiar: Aina Næss Tlf nr 975 93 150

Om barnehagen

Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt, og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.

Kontakt

Anett Viveli
Ass.einingsleiar/Pedagogisk leiar
E-post
Mobil 92 44 38 02
Aina Næss
Einingsleiar /barnehagemynde
E-post
Telefon 53 67 36 02
Mobil 97 59 31 50