Prosjektleiar i reiselivsnæringaVil du vera med og utvikla reiselivet for framtida inst i Hardanger? Ulvik herad og Eidfjord kommune skal gjennomføra eit treårig prosjekt for å styrkja lokale arbeidsplassar i reiselivet, og bidra til at dei lokale reiselivstilboda er betre tilpassa endringane i reiselivet etter koronapandemien. Publisert 02.01.2023 13.07 Sist endra 02.01.2023 13.07 Søknad Søknadane vert vurdert fortløpande Søknadsfrist 29. januar 2023 Søknad kan sendast: Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik, eller via knappen "Søk på stilling" i denne artikkelen Om stillinga Med atterhald om fullfinansiering søkjer me etter ein ivrig prosjektleiar som saman med lokale aktørar gjennomfører omstillingsprosjektet dei kommande tre åra, og nå målsetnaden om trygge og stabile arbeidsplassar og fleire heilårs arbeidsplassar i reiselivet. Som prosjektleiar skal du Gjennomføra aktivitetar og samarbeidstiltak for fleire og meir attraktive tilbod utanom hovudsesong Jobba for eit betre kollektivtilbod og anna infrastruktur som gjer reiselivet meir berekraftig Etablere samarbeidområde og møteplassar for reiseliv og anna næringsliv Bidra til at tilrettelagde natur- og friluftstilbod vert meir tilgjengelege for innbyggarar og for tilreisande gjester Etablera eit tettare samarbeid med utdanningsinstitusjonar og andre aktørar som over tid gjer det enklare å rekruttera tilfredstillande kompetanse Kven er du? Me ser for oss at du har eit sterkt engasjement for berekraftig utvikling i reiselivet, og moglegheitene lokalt. Du trivst med folk, og er flink til å byggja relasjonar og nettverk. For å lukkast med prosjektet må du vera resultatorientert ta beslutningar, få ting til å skje vera strukturert og sjølvstendig ha gode samarbeidseigenskapar ha kjennskap til regionen ha god digital kompetanse vera god på skriftleg og munnleg framstilling Du har bakgrunn frå Prosjektleiing, gjerne innanfor reiseliv eller anna næringsliv Relevant utdanning på høgskulenivå Anna relevant erfaring frå reiseliv Spørsmål Dersom du vil vera med å utvikle eit internasjonalt reisemål, og vil vita meir om prosjektet tek du kontakt med nærings- og reiselivssjef i Ulvik herad, Mona H. Hellesnes, mona.hellesnes@ulvik.kommune.no - tlf. 40 00 71 96.