Rådgjevar arealplan 100% stilling

Rådgjevar arealplan 100% stilling

Eininga Drift & Forvaltning har ledig 100% stilling som rådgjevar innan arealplan.

Søknad

Om stillinga

Forvaltningsavdelinga består i dag av sju årsverk, og er ansvarleg for handsaminga av saker innanfor m.a. plan, byggjesak, landbruk, vilt- og naturforvaltning, kart- og oppmåling, og matrikulering.

Me ser etter nokon med interesse for feltet, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt planarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Handsama private arealplanar
  • Førebu plansaker til politisk handsaming
  • Utarbeida kommunale arealplanar
  • Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv
  • Ajourføring og forvaltning av kommunen sine kartbasar

Som tilsett på eininga må du dessutan rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan arealplanleggjing
  • I særskilde høve kan lang erfaring innan fagfeltet kompensera for manglande utdanning
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein føremon, men ikkje eit krav
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova
  • Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
  • Evne til å formulera deg klart og tydeleg, skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde

Me tilbyr

  • Høve til vidareutdanning
  • Høve til å vera med på å påverka eigen arbeidskvardag
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • Løn etter avtale

Spørsmål

Dersom du ynskjer meir informasjon kring stillinga, ta gjerne kontakt med Eidfjord kommune. Telefonnummer 53673500. Informasjon om Eidfjord kommune finn du på heimesida vår.