Rådgjevar for klima og berekraft 30 % stilling vikariat

Me har ledig 30%  stilling som rådgjevar for klima og berekraft fram til hausten 2027. 

Søknadsfrist 23.02.2024

Søknad

Om stillinga

Me søkjer ein pådrivar og koordinator i innsatsen for klima og berekraft i Eidfjord kommune. Både kommune, næringsliv og privatpersonar må saman gjera sitt for at me skal nå dei nasjonale klimamåla og utvikla samfunnet i ein retning som er basert på FNS berekraftmål. Til dette trengs det ein person som kan vera ein pådrivar og inspirator for alle som må verta involverte til å løysa den største utfordringa i vår tid.

Arbeidsoppgåvene vil med anna vera

  • Kommunedelen for klima og energi og rullering av handlingsdelen
  • Miljøfyrtårnansvarleg i Eidfjord kommune og rettleiar for næringslivet innanfor dette arbeidet
  • Oppfyljing av pågåande prosjekt som “Grønt hytteliv Vestland”
  • Rullering av Enøk fond og sakshandsaming knytt til fondet
  • Samarbeid med dei ulike einingane i kommunen for å få større fokus på FN sine  berekraftmål
  • Andre oppgåver som er relevante knytt til klima berekraft  

Kvalifikasjonskrav

  • Eit sterkt klima og berekraft engasjement
  • Relevant utdanning eller kompetanse/engasjement innan klima og miljøarbeid
  • Gode samarbeidsevne og god evne til å engasjera, kommunisera, motivera og få folk med 
  • Personleg eigenskapar vil verta vektlagt 

Me tilbyr

  • Ein spanande stilling med stor påverknadskraft
  • Eit inspirerande arbeidsmiljø
  • Mogelegheit til å kurs og auka kompetanse der det trengs 
  • Du har stor fleksibilitet til å påverka eigen arbeidsdag og utvikling
  • Løn etter tariff

Spørsmål

Eventuell spørsmål om stillinga kan rettast til: 
Lisbeth Bygstad Celik, Einingsleiar for kultur, næring og berekraft 
Tlf. 976 33 956 
e-post : lbc@eidfjord.kommune.no 

 

Kontakt

Lisbeth Bygstad Celik
Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 53 94
Mobil 97 63 39 56