Rådgjevar innan arealplan

Rådgjevar innan arealplan

Eininga Drift & Forvaltning i Eidfjord kommune har ledig 100% stilling som rådgjevar arealplan. 

Forvaltningsavdelinga består i dag av sju årsverk og er ansvarleg for handsaminga av saker innanfor m.a. plan, byggjesak, landbruk, vilt- og naturforvaltning, kart- og oppmåling, og matrikulering.

Søknadsfrist: 04.10.2020

Søk på stillinga
Arkivsak: 20/743

Me ser etter nokon med interesse for feltet, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt planarbeid.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:

  • Handsama private arealplanar
  • Førebu plansaker til politisk handsaming
  • Utarbeida kommunale arealplanar
  • Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv
  • Ajourføring og forvaltning av kommunen sine kartbasar

Som tilsett på eininga må du dessutan rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan arealplanlegging
  • I særlege tilfelle kan lang erfaring innan fagfeltet kompensera for manglande utdanning
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova
  • Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
  • Evne til å formulera deg klart og tydeleg skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Me tilbyr

  • Høve til vidareutdanning
  • Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • Løn etter avtale

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med Eidfjord kommune. Telefonnummer 53673500.
Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no

Søknad med CV kan du senda inn elektronisk,

Arkivsak 20/743

Søknadsfrist er 4 oktober 2020

Opningstider

Måndag - fredag
10.00 - 14.00

Sentralbord
10.00 - 14.00