Rådgjevar natur, miljø og landbruk

Rådgjevar natur, miljø og landbruk

Eininga Drift & Forvaltning i Eidfjord kommune har ledig 100% stilling som rådgjevar innan natur-, miljø- og landbruksforvaltning.
Forvaltningsavdelinga består i dag av sju årsverk og er ansvarleg for handsaminga av saker innanfor m.a. plan, byggjesak, landbruk, vilt-, fiske- og naturforvaltning, miljø, kart- og oppmåling, og matrikulering.

Søknadsfrist 1 desember 2021

Send søknad

  • Søknadsfrist 01.12.2021
  • Arkivsak: 21/967

Eidfjord kommune er ein hyttekommune med stor utbyggingsaktivitet, særleg i Sysendalen. Me har store utmarksareal og forvaltningsansvar for fleire saksområde knytt til dette. I kontrast, er kommunen ein relativt liten landbrukskommune, likevel med svært ulike saker innanfor dette området.

Sidan vår noverande rådgjevar vert pensjonist, ser me etter ein ny tilsett med interesse for vilt- og naturforvaltning, miljø og landbruk, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt forvaltningsarbeid på desse områda spesielt.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:

  • Handsama saker knytt til vilt- og fiskeforvaltning
  • Handsama saker etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, typisk søknadar om utslepp av avlaupsvatn.
  • Handsama saker om motorferdsle i utmark
  • Handsama saker innanfor landbruksområdet. Dette kan vera konsesjonssaker, delingssaker etter jordlova, saker om tilskot osv.
  • Bidra med innspel i kommunen sitt planarbeid eller til regionalt planarbeid der tema om natur-, miljø- og utmarksforvaltning er relevant
  • Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv

Eininga Drift & Forvaltning har stort spenn i fagfelta. Som tilsett her må du rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt. I tillegg til det ovannemnde, vil den som vert tilsett difor få nokre oppgåver knytt til forvaltning og oppdatering av kommunen sine kartbasar og/eller saker som gjeld matrikulering av eigedomar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning innan eitt eller fleire av dei nemnde fagfelta
  • I særlege tilfelle kan lang erfaring innan fagfeltet kompensera for manglande utdanning
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring med eller utdanning knytt til GIS er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til aktuelt regelverk, t.d. forurensningslova med forskrifter, viltlova og motorferdsellova med forskrifter.
  • Interesse for og vilje til å setja deg inn i og læra nye fagfelt
  • Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
  • Evne til å formulera deg klart og tydeleg skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Me tilbyr

  • Høve til vidareutdanning
  • Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag
  • Hjelp til å skaffa bustad
  • Løn etter avtale

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med assisterande einingsleiar for Drift & Forvaltning.
Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no

Søknad med CV kan du senda inn elektronisk,
Arkivsak 21/967
Søknadsfrist 01.12.2021

Kontakt

Louise Pettersen
Ass. Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 36 54
Mobil 415 77 063