Rådmann/kommunedirektør

Rådmann/kommunedirektør

Eidfjord kommune søkjer ein trygg og tydeleg rådmann/kommunedirektør med ein tillitvekkjande leiarstil.

Søknadsfrist 14.08.2022

Søknad

Søknad med CV innan 14.08.2022 via www.headvisor.no 

Rådmann/kommunedirektør

Utfordrande leiarstilling i attraktiv kommune

Eidfjord kommune søkjer ein trygg og tydeleg rådmann/kommunedirektør med ein tillitvekkjande leiarstil. Vår nye leiar må vera god på å byggja lag, vera heilskapstenkjande og ein god strateg.  

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Setja retning og utvikla Eidfjord kommune vidare som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon
  • Leiing og samordning av heile den administrative verksemda i kommunen
  • Vera bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen
  • Vera oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar/tilretteleggjar, i tett samarbeid med politisk leiing
  • Sjå og utvikla moglegheiter for næringsutvikling i ein kommune som er rik på ressursar
  • Etablera gode relasjonar mot næringslivet i kommunen og ulike eksterne samarbeidspartar

Me ønskjer at vår nye rådmann/kommunedirektør skal vera motiverande, samlande og inkluderande. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med både interne og eksterne aktørar vert vektlagt. Som rådmann må du forstå og meistra samspelet mellom politikk og administrasjon. 

Søkjarar må ha relevant høgare utdanning og kunne syna til gode resultat i tidlegare leiarstilling. Den rette kandidaten er ein tydeleg leiar med god gjennomføringsevne, som trivst med leiarskap. Me kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande leiarstilling der du, saman med dyktige medarbeidarar, vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.

Informasjon

For nærare informasjon om stillinga, kontakt ordførar Anders Vatle, tlf. 952 31 697 eller vår rådgjevar hjå Headvisor, Per Jorem, tlf. 400 21 560. Vis interesse for stillinga ved å registrera søknad og CV så snart som mogleg. 

Om Eidfjord

Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden i Vestland (tidl. Hordaland) og har ca. 940 innbyggjarar. Eidfjord kommune sitt areal er på 1500 kvadratkilometer, og av desse ligg 95 % over 600 meter over havoverflata. Dette tyder at me har nok plass for både innbyggjarar og vitjarar. 

Eidfjord er ein vertskommune for vasskraft som visar att i dei offentlege tenestene. Houvudnæringa er turisme, hydroelektrisitet og detaljhandel. Kommunen er òg ein av dei store arbeidsgjevarane.

I Eidfjord har me òg kino, kunstgalleri, bibliotek, natursenter, idrettshall, slalombakke og uavgrensa moeglegheiter for utandørs aktivitetar. Berre ein kort biltur tek deg til Hardangervidda, Nord-Europas største fjellplatå. 

Menneskeleg aktivitet har sett sine spor på landskapet med jernalder-og vikinggravene på Hereid, og dei mange historiske bygningane i Eidfjord sentrum.

Det er kombinasjonen av den veksande økonomien, naturen, den unike kulturen og menneskeleg aktivitet over fleire hundre år som har gjort Eidfjord til den staden den er i dag.