Regionskoordinator

Regionskoordinator

For å koordinere samarbeidet i regionen har me ledig fast stilling som regionskoordinator frå 01.03.2021.

Søk på stillinga

Regionskoordinator i 50 - 80% stilling (Voss herad)

  • Søknadsfrist 10.12.20
  • Referanse 2707/20 FM

Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk, eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerma søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Om stillinga

Regionskoordinator er pådrivar for utviklingsarbeid og kompetanseheving i regionen. Koordinator har ansvar for å koordinere nasjonale føringar til Hardanger/Voss Kompetanseregion. Dette skal gjerast saman med dei øvste leiarane innan oppvekst i dei fem samarbeidskommunane - styringsgruppa. Koordinator har vidare ein aktiv rolle inn mot øvrige samarbeidsgrupper i regionen.

Stillinga vil innebera reiseverksemd i heile regionen. Det kan vera aktuelt å
kombinera koordinatorstillinga med anna arbeid i ein av samarbeidskommunane.

Dine kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning med formell kompetanse innan skule eller barnehage
  • Erfaring frå å leia utviklings- og endringsarbeid
  • God kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne frå oppvekstsektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Leiarerfaring eller utdanning er ein fordel
  • God kompetanse innan IT
  • Førarkort

Me ynskjer ein person som:

  • Er sjølvstendig og initiativrik
  • Er strategisk, strukturert og målretta
  • Har evne til å skape og oppretthalde nettverk
  • Er motiverande og nytenkjande
  • Byggjer kultur for samarbeid og har gode samhandlingseigenskapar

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personlege eigenskapar

Hugs å gje opp referansar

Tilsetjingsvilkår

  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeidsstad i ein av samarbeidskommunane
  • Nynorsk vert nytta som skriftspråk