Ruskonsulent  100% prosjektstilling

Ruskonsulent  100% prosjektstilling

Har du lyst til å jobbe med rusproblematikk i Eidfjord kommune? Då treng me ein søknad frå deg!

Søknadsfrist er sett til 30.11.2022

Søknad

  • Søknadsskjema
  • Merk søknadsskjema med : arkivsakID: 22/962
  • Søknadsfrist er sett til 30.11.2022

Arbeidsoppgåver 

Oppgåvene er av førebyggande og behandlande art. Ruskonsulent vil arbeida førebyggande i tråd med dei ruspolitiske målsetjingane for Eidfjord kommune.

Arbeidsoppgåvene vil inkludera kartlegging, utredning og oppfølging av enkeltbrukarar med rusmiddelproblematikk, som ynskjer ei endring i sin livssituasjon. Arbeidet vil òg innebera individuell oppfølging, oppsøkande verksemd, kartlegging og utredning, samt støtte til pårørande.

Stillinga jobbar tverrfagleg med fastlegar, NAV og spesialisthelsetenesta om oppfølging og behandling. Arbeidet er variert med stor grad av sjølvstende.

Ruskonsulent vil delta i interkommunalt samarbeid innan fagfeltet og kommunalt førebyggande arbeid. Organisatorisk vil stillinga vera plassert i det kommunale NAV-kontoret.

Kvalifikasjonskrav

  • Ynskjeleg med helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Ynskjeleg med tilleggsutdanning og erfaring frå rusarbeid eller psykisk helsearbeid i spesialisthelseteneste eller kommune  
  • Krav til førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, pågangsmot og ansvarsfølelse 
  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert både aleine og i team 
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • God skriftleg og munnleg førestellingsevne  
  • Evne til å motivere og skape engasjement for arbeidet 
  • Omgjengeleg og godt humør

 Me kan tilby

  • Ei spennande stilling der du får bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet  
  • Engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver 
  • Moglegheiter for personleg og fagleg utvikling 
  • Bedriftshelseteneste 
  • Lønn etter gjeldande regelverk

Andre opplysningar

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan NAV, helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden. I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Gyldig arbeids- og opphaldstillating må leggjast fram.

Kontaktopplysningar

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med sosialleiar Jarand Høynes Lekve tlf 900 75 943 eller einingsleiar Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645.