Sjukepleiar 100% svangerskapsvikariat

Sjukepleiar 100% svangerskapsvikariat

Me lyser ut 100 % svangerskapsvikariat som sjukepleiar i PLO med arbeid dag/kveld,og kvar 3. helg. 

Søknadsfrist er sett til 01.08.2021

Søknad

Om bygdaheimen

Bygdaheimen er basen til pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord. Sjukeheimen var ny i 2019 og ligg nydeleg til på Brotkanten. Tenesta er integrert, noko som betyr at dei tilsette arbeider fleksibelt både på sjukeheimen og i heimetenesta. Det er 10 nye omsorgsbustader i tilknyting til Bygdaheimen. Me har mange dyktige tilsette, men treng fleire, me har godt arbeidsmiljø og mange trivselstiltak i kvardagen. 

Arbeidsoppgåver sjukepleiar 

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver 
  • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningslinjer 
  • Ivareta dokumentasjonsplikt og ha fokus på fagutvikling 
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elever 
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø både kollegialt og fagleg 
  • Bidra til eit godt omdømme
  • Rettleiing av sjukepleiarstudentar 

Kvalifikasjonar 

  • Søkjaren må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B. Kommunen har tenestebilar tilhøyrande heimetenesta 

Personlege eigenskapar 

  • Beslutningsdyktig 
  • Må kunne jobbe sjølvstendig og i team, både med assistentar, sjukepleiarar og leiar 
  • Gode evner til samarbeid, kommunikasjon og koordinering 
  • Fleksibilitet, samhandling og heilskapleg tenking er ein føresetnad 
  • Ansvarsbevisst 
  • Godt humør 

Me kan tilby 

  • Utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver 
  • Godt arbeidsmiljø 
  • Engasjerte kollegaer som er stolt over jobben sin 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Bedriftshelsetjeneste 
  • God sjukepleiedekning 
  • Løn etter gjeldande tariff 
  • Arbeidstida vert gjennomsnittsberekna med arbeid i gjennomsnitt tredje kvar helg 

Andre opplysningar 

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden. 

I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Gyldig arbeids- og opphaldstillating.

Spørsmål

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Margunn Lægreid tlf 414 68 449 eller einingsleiar Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645.