Støttepedagog i Modnen barnehage

100% fast stilling som støttepedagog i Modnen barnehage

Søknadsfrist: 04.10.2024

Søknad

Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?

Om Modnen barnehage

Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt, og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø. 

Du

Me ser etter deg som har lyst til å jobba i eit spennande fagfelt, saman med dyktige, dedikerte og inkluderande kollegaar. Du har eit positivt barnesyn, er opptatt av tidleg innsats og inkluderande praksis. Du skaper gode utviklingsmoglegheiter for barnet og legg til rette slik at det enkelte barn får høve til å utvikla sine eigne ressursar. 

Du gjev positive og gode opplevingar i fellesskapet og jobbar målretta for å oppretthalda og vidareutvikla høg kvalitet på det spesialpedagogiske feltet i barnehagen. 

Me oppmodar nyutdanna til å søkja. 

Arbeidsoppgåver

  • Gje spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehage i høve til vedtak etter barnehagelova § 31 (og § 37).  Medansvar for å planlegga, organiserea iverksetta og evaluera tiltak som  utformast i barnet sin plan årleg 
  • Inngå i spesialpedagogisk team saman med andre støttepedagogfunksjonar, logoped og teamleiarar 
  • Samarbeid med føresette, og deltaking i møter med føresette, barnehage og andre instansar
  • Bidra i barnehagekvardagen

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning som spesialpedagog, barnehagelærar, vernepleiar eller barnevernspedagog
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk, minimum B2
  • Gode ferdigheiter i digitale verktøy
  • Fagarbeidar med relevant erfaring innanfor feltet kan verta vurdert i ein mellombels stilling dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobba i team og inneha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel, endringsvillig og nytenkande
  • Omsorgsfull og du legg stor vekt på å skapa gode relasjonar
  • Må kunne jobbe sjølvstendig, ta i mot rettleiing og kunne følgje opp avtaler
  • Kunne ta initiativ til å tileigna deg eigen kunnskap og kompetanseutvikling

Me tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver i verdas viktigaste jobb
  • Konkurransedyktig løn
  • Tid til før og etterarbeid, med arbeidstid på avdeling frå kl 09.00-15.00 kvar dag
  • Fagleg engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle
  • 6 planleggingsdagar i året
  • Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane
  • Barnehagen er stengt i påskeveka og i romjula
  • Me har ein betre bemanningsnorm enn dei sentrale føringane tilseier
  • Hjelp til å skaffa husvære
     

Anna info

Stillinga har oppstart så snart som mogleg og seinast 02.12.2024. 
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. 
Intervju kan verta utført fortløpande i søknadsperioden. 
 

Kontakt

For meir spørsmål om stillinga kontakt: 
Teamleiar Grete Næss, telefonnr: 990 34 547 
Teamleiar Silje Aurdal Riber, telefonnr: 482 39 443