VA-ingeniør 100 % stillingEininga Drift & Forvaltning i Eidfjord kommune har ledig 100% stilling som VA-ingeniør.Søknad Søknad sendast elektronisk Merk søknad med arkivsak 21/17 Søknadsfrist er 27.01.2021Om stillingaVA-avdelinga består i dag av 2,43 årsverk samt 4 personar på vekesvaktordning. VA-nettet består av 6 vassverk, 4 reinseanlegg, 30 pumpestasjonar samt høgdebasseng og trykkaukestasjonar.Med store investeringar og utbyggjingsprosjekt i offentleg og privat regi ynskjer Eidfjord kommune og styrkja kompetansen på VA.Me ser etter nokon som kan vera med å vidareutvikla og vedlikehalda infrastrukturen på VA-nettet til heile kommunen.Arbeidsoppgåver Driftsansvarleg for VA-anlegg i heile kommunen Utarbeida vaktplanar Delta i vekesvaktordning på VA-anlegg Vera bindeledd mellom driftsoperatørar og kommuneleiing Sakshandsaming innan fagfeltet Ansvarleg for innrapportering for VA-sektoren Personalansvar for driftsoperatørarKvalifikasjonar Relevant utdanning innan VA/kommunalteknikk Lang erfaring kan kompensera for manglande utdanning Erfaring frå andre kommunar eller offentleg forvaltning er ein føremon Erfaring med innkjøp etter LOA (Lov om offentlege anskaffelsar) Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig Evne til å formulera deg klart og tydeleg, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar vil verta vektlagdeMe tilbyr Høve til vidareutdanning Høve til å vera med å påverka eigen arbeidskvardag Hjelp til å skaffa bustad Løn etter avtaleSpørsmålDersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med Eidfjord kommune. Telefonnummer 53673500. Informasjon om Eidfjord kommune finn du på heimesida vår. Publisert05.01.2021 14.55 Sist endra20.01.2021 11.28