Vikariat 50% stilling - Lægreid skuleVikariat 50% stilling som fagarbeidar/assistent ved Lægreid skule SFO, skuleåret 2023/2024 Søknadsfrist 01.10 2023 Publisert 14.09.2023 13.29 Sist endra 14.09.2023 13.45 Søknad Søknadskjema Frist 01.10 2023 Merk søknadsskjema med arkivsakID: 23/1421 Om stillinga Ledig 50% vikariat som fagarbeidar/assistent ved Lægreid skule SFO frå 16.10.2023. Vikariatet gjeld for skuleåret 23/24. Dei som vert tilsett vil arbeida i SFO kvar ettermiddag, kan også verta noko arbeid i skuletida. Som fagarbeidar/assistent er det ynskjeleg at du gjennomfører livredningsprøve ved oppstart. Det er ynskjeleg at søkjar likar å arbeida med barn og unge er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skule- og arbeidsmiljø kan samarbeida med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar Personlege eigenskapar vert vektlagt. Anna Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vera behov for utover skuleåret Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Løn etter gjeldande avtaleverk Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing Politiattest vert krevd i samband med tilsetjinga jfr. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden Aktuelle søkjarar kan verta kalla inn til intervju. Spørsmål Ta kontakt med rektor Anne Underdal, tlf. 922 28 448 om du har spørsmål. Om Lægreid skule Lægreid skule (1-10 skule) ligg fint til i Eidfjord, med basseng, idrettshall og stort uteområde rundt seg, som både skule og SFO nyt godt av. Skulen har felles varm lunsj for elevane kvar dag. Med naturen tett på, er det sjølvsagt med uteskule for heile barnetrinnet kvar veke. Skulen deltek i Trivselsleiar-programmet. Lægreid skule er godt utstyrt med digitale hjelpemiddel og læringsressursar. Skulen er Smart Ambassadør, og har Smartboard i alle klasserom. Dei 105 elevane våre har pc eller iPad 1:1, og nyttar digitale læringsressursar i alle fag.