Kommune - og fylkestingval 2019

Kommune - og fylkestingval 2019

Valdato er måndag 9. september 2019

Valdato er måndag 9 september 2019
Valkrins Røystestad Opningstid
Eidfjord Kommunehuset 10.00-20:00

Manntalet

Manntalet i Eidfjord kjem til å verta lagt ut til offentleg ettersyn ca. 10 juli. Det kjem til å liggja i resepsjonen på kommunehuset. Me kjem til å offentleggjera dette gjennom lokalpressa og på heimsesida til kommunen.

Det er viktig å sjekka at du står i manntalet, då dette er eit krav for å få røysta til kommunevalet.

Mogelege krav om retting av feil, krav om å førast inn i - eller strykast frå manntalet, må sendast skriftleg til:

Valstyret i Eidfjord
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Ta elles kontakt for spørsmål.

Politiske lister

Valstyret

Kommunestyret har vedteke å oppnemna formannskapet som valstyre. Anved Johan Tveit er valt til leiar og Aslak Lægreid til nestleiar. Valstyret har oppnemnt desse valmedarbeidarane til å ta imot førehandsrøystene og elles gje meir informasjon:

  • Johanna Maria Hereid (valansvarleg)
  • Monica Hereid
  • Åshild Djønne
  • Britt Karin Langøy
  • Brynjulf Mugaas
  • Glenn Wiik
  • Knut Ingar Myklatun
  • Louise Pettersen
  • Bente Elin Hereid
  • Katrine Helle Midtbø
  • Bergljot Maria Veivåg

Tidlegrøysting

Førehandsrøysting

Viktige datoar

  • Ca. 10 juli 2019 - Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn
  • Mandag 12. august  - startar mottak av førehandsrøyster.
  • 9. september 2019 - Valdag. Vallokalet i Eidfjord er denne dagen ope kl. 10.00 - 20.00.

Me minner om at

  • Du kan ikkje stryka kandidatar på ei liste
  • Du kan gje ein eller fleire kandidatar ei personrøyst ved å setja eit merke (x) ved namnet.
  • Du kan overføra inntil 5 kandidatar frå ei liste til ei anna.

Dette aukar ein kandidat sin sjanse til å verta vald. Ved å kryssa ved namnet til vedkomande, vil denne kandidaten få 1 personrøyst. Det er den kandidaten med det høgaste personlege røystetalet som vil verta vald inn som nr. 1. Partiet kan sjølv utheva nokre av kandidatane sine. Desse kandidatane vil då få eit stemmetillegg på 25 % av røystene til partiet.

Godt val!

Kontakt

Johanna Maria Hereid
Einingsleiar Tenestetorget
E-post
Telefon 53 67 35 32
Mobil 959 74 532

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00