Førehandsrøysting

Førehandsrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen, kan du røysta på førehand

Ansvar

Veljarar som ynskjer å førehandsrøysta, kan gjera dette f.o.m. tysdag 10. august til og med fredag 10. september. Det er veljarane sjølve som er ansvarlege for å gje førehandsrøysta si på eit tidspunkt som gjer at den kjem fram til valstyre innan valdagen 13 september.
 
Du kan også førehandsrøysta her i Eidfjord, sjølv om du høyrer til i ein annan kommune.
 

Kven kan røyste ved Stortingsval?

  • Er du 18 år og norsk statsborgar kan du røyste ved Stortingsvalet
  • Er du i tvil, sjekk om du står i manntalet når det vert lagt ut i juli
 

Stader for førehandsrøysting

Valstyret har bestemt fylgjande stader for førehandsrøysting:

1. Kommunehuset

  • Frå og med tysdag 10. august –til og med fredag 10. september.
  • Opningstida er: 08.30-15.00 på vanlege arbeidsdagar.

    Utvida tider:
  • Laurdag 4. september kl. 10.00-14.00
  • Torsdag 9. september kl. 08.30-18.00

2. Eidfjord bygdaheim

  • Bygdaheimen med omsorgsbustadar: Torsdag 9. september kl. 10.00-14.00

3. Heimerøysting

  • Frist for søknad om ambulerande røystegjeving/heimerøysting vert sett til fredag 10. september kl 10.00

Viktige datoar:

  • Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå midten av juli månad, eller så snart det er klart.
  • Valdagen er måndag 13 september 2021.
  • Vallokalet på kommunehuset i Eidfjord er denne dagen ope frå kl. 09.00-20.00
  • Tysdag 10. august startar mottak av førehandsrøyster på kommunehuset.

Tidlegrøysting:

Dersom du ikkje har høve til å førehandsrøysta, eller røysta på sjølve valdagen, har du høve til å tidlegrøysta frå 1. juli og fram til og med måndag 9. august.
 
Dersom du må tidlegrøysta, er det fint om du tek kontakt med dei valansvarlege på kommunehuset for nærare avtale. Dette p.g.a. at alt valmaterialet ikkje er på plass enno, og det er midt i ferieavviklinga.
 

Manntalet:

Manntalet i Eidfjord kjem til å verta lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset. Det er viktig å sjekka at du står i manntalet, då dette er eit krav for å få røysta.
 

Valkort og legitimasjon:

Nytt i år er at alle får tilsendt valkort digitalt. Unntaket er om du har reservert deg mot digital post. Du treng ikkje ha med valkortet for å stemma, men det går raskare med stemmegjevinga dersom du har det med. Hugs å ta med legitimasjon! Du må legga fram legitimasjon om røystemottakar ikkje kjenner deg!
 

Kontaktpersonar i Eidfjord:

Kommunestyret har vedteke å oppnemna formannskapet som valstyre. Ordførar Anders Vatle er leiar, og varaordførar Aslak Martin Lægreid er nestleiar.
 

Valmedarbeidarar

Valstyret har oppnemnt desse valmedarbeidarane til å ta imot førehandsrøyster, og elles gje meir informasjon:
  • Johanna Maria Hereid
  • Monica H. Hereid
  • Ingrid S. Ukvitne
  • Linda Ågotnes Kaland
  • Inge Kuijf
  • Britt Langøy
  • Marta Lirhus
  • Knut Ingar Myklatun
  • Åshild Djønne
  • Bergljot M. Veivåg.

Covid-19

Pga. Covid19 situasjonen er det utarbeida ein smittevernveiledar for valgjennomføringa i Eidfjord slik at alle skal få høve til å røysta sjølv om ein er i karantene eller isolasjon. Meir informasjon vedk. dette kjem når valet nærmar seg, og me veit meir om status på smittesituasjonen.
 

Spørsmål

Dersom du har spørsmål vedk. Stortingsvalet, ta kontakt med valansvarleg Johanna Maria Hereid, 53673532/95974532 For meir informasjon om Stortingsvalet 2021, sjå www.valg.no