Politikarar

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 14.10.2015

Formannskapet 


Formannskapet har ansvar for å utarbeida framlegg til årsbudsjett og økonomiplan samt kommuneplan med langsiktig del og handlingsprogram, og har vidare ansvar for saker etter plan- og bygningslova, saker som gjeld kraftfond, vegplanar, næring (med unnatak av landbruk), personalpolitikk og kommunal opplæring/utvikling.
 

  • Formannskapet er valstyre, jfr. valglova § 15.
  • Formannskapet er fondsstyre etter vedtekter for kraftfond.
  • Formannskapet er fast utval for plansaker etter plan og bygningslova § 9-1 (lov av 14. juni 1985) og valstyre etter § 15 i lov av 1. mars 1985 om stortingsval, fylkestingsval og kommunestyreval.
  • Formannskapet er klagenemnd etter lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker, § 28, 2. ledd.

Forformannskapet sine eigne vedtak er kommunestyret klagenemnd.

 

Kommunestyret


Kommunestyret er kommunen sitt øvste politiske organ med overordna ansvar for heile kommunen si verksemd. Kommunestyret skal på grunnlag av prinsipp- og temadebattar velja satsingsområde, prioritera tiltak og gje retningsliner for dei politiske utvala og administrasjonen sitt arbeid.

Kommunestyret tek avgjerd i alle saker som ikkje er delegerte til faste utval, komitear, styre for verksemd, ordføraren eller rådmannen.

I menyen til venstre fin du samansettinga av formannskapet og komunestyret.

Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering