Innsyns- og klagerett

 Her finn du opplysningar om innsyns- og klagerett

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 10.11.2015

Innsynsrett

Du har som hovudregel innsynsrett i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som vedkjem deg. Ver merksam på at i mange saker kan du lesa saksdokument ved å nytta deg av Innsyn. Dette gjeld likevel ikkje dokument underlagt teieplikt, eller som av hensyn til personvernet er unnteke frå innsyn.
 

Lovgrunnlag: Lov av 19. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. IV
 

Sjå òg: Justisdepartementets rettleiar til offentleglova
 

 

Klagerett

Eit enkeltvedtak (eit vedtak som kommunen gjer som offentleg styringsorgan, og som gjeld rettar eller plikter til ein eller fleire bestemte personer) kan som hovudregel alltid påklagast av den som vedtaket gjeld og av alle som er partar i saka.
 

Merk at klageretten berre gjeld saker der kommunen opptrer som eit offentleg styringsorgan. Dette medfører for eksempel vedtak om å selgja kommunal eigedom ikkje kan påklagast.
 

 

Klagefrist

Klagefristen er tre veker frå det tidspunkt du fekk melding om vedtaket. Brevet med klagen må vera poststempla eller innlevert før klagefristen er ute. Klager over kommunale vedtak bør innehalda følgjande opplysningar:

  • Kva vedtak det vert klaga over (vedtaket må kunne identifiserast

  • Kva er det klageren vil ha endra

  • Gunngje kvifor ein ønskjer vedtaket endra

  • Andre opplysningar som kan påvirka avgjersla


Klager over kommunale vedtak skal sendast til den instans i kommunen som har gjort vedtaket. Dei skal snarest mogeleg  vurdera vedtaket på nytt. Dersom dei som har gjort vedtaket (førsteinstansen) ikkje finn å kunne gjera om eller endra vedtaket, skal klagen sendast vidare til rett klageorgan.
 

Klageorgan er Fylkesmannen for saker etter Kommunehelselova, Sosialomsorgslova, Alkohollova og Plan- og bygningslova. 
 

 

Sakskostnadar i klagesaker

Dersom eit vedtak vert endra til gunst for klageren, har han eller ho rett til å få dekka vesentlege sakskostnadar som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Lovgrunnlag: Lov av 19. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. VI 
 

 

Klage til Sivilombudsmannen 

Sivilombudsmannen er Stortinget sin tillitsmann og har som oppgåve å sikra at det i offentleg forvaltning ikkje vert gjort urett mot innbyggarane. Både statleg, fylkeskommunal og kommunal forvaltning høyrer inn under Sivilombudsmannen sitt ansvarsområde.
 

Alle som meiner at dei har vore utsett for urett frå offentlege forvaltningsorgan kan klage til ombudsmannen. Klager må vera sett fram innan eitt år frå vedtaket vart gjort. Dersom vedtaket vart påklaga etter reglane over, gjeld eittårsfristen frå det tidspunkt klageorganet gjorde endeleg vedtak. Lovgrunnlag: Lov av 22. juni 1962 om Stortingets ombudsmann for forvaltningen (sivilombudsmannslova)

 
Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering