Planar

Kommuneplan

Planstrategi er ein plan for planane. Kommunestyret skal i byrjinga av kvar valperiode ta stilling kva tema kommunen skal satsa på og kva planar som skal prioriterast for å følgja strategien.

Kommuneplan er ein overordna plan for kommunen med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utvikling i kommunen. Kommuneplanen består av ein langsiktig (normalt 10-12 år) og ein kortsiktig del (normalt 4 år).

Den langsiktige delen skal omfatta:

  • Mål for utviklinga i kommunen
  • Retningsliner for planlegging i sektorane
  • Tekstleg del med langsiktige føringar for bruk av areala i kommunen

Arealdelen

  • Består av kartdel og føresegner.
  • Juridisk bindande for arealbruk, styrande for reguleringsplanar.

Den kortsiktige del skal omfatta:

Samordna handlingsprogram for drifta i sektorane dei næraste åra.
Kommuneplanlegginga skal byggje på dei økonomiske og øvrige ressursmessige føresetnader for gjennomføring. Minst ein gong i løpet av kvar valperiode skal kommunestyret vurdera kommuneplanen samla og om naudsynt gjera endringar.

Økonomiplan

Økonomiplanen skal gje eit realistisk oversyn over sannsynlege inntekter, utgifter og prioriterte oppgåver. Planen skal omfatta minst dei 4 neste budsjettåra.

Kommunestyret skal ein gong kvart år vedta ein rullert økonomiplan.

Planen skal leggjast til grunn for budsjettarbeid og planleggingsverksemda i kommunen.

Kommunedelplanar:

Reguleringsplan

Reguleringsplan er ein detaljplan som består av reguleringskart med supplerande tekstlege bestemmelsar som regulerer utnytting av grunn, vassdrag, sjøområde, busetnad og det ytre miljø i bestemte område i kommunen.

Andre viktige planar


Sentraladministrasjon:

  • Risiko og sårbarheitsanalyse


Helse & sosial:

  • Plan for eldreomsorg
  • Pleie & omsorgsplan
  • Plan for rehabilitering
  • Plan for førebyggjande barnevern.


Kultur:


Kommunalteknikk, areal og miljø:

  • Kom.delplan avfall, Kartplan
  • Forvaltningsplan for Hardangervidda
  • Stadanalyse Eidfjord
  • Trafikksikringsplan


Brann & redning:

  • Brannordning for Eidfjord kommune
  • Plan for interkom.beredskap mot akuttforureining
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering