Startpakke for private reguleringsplanar

Eidfjord kommune si "startpakke for reguleringsplanar" skal vera til hjelp for dei som ønskjer å fremja reguleringsplan etter plan- og bygningslova § 12. Informasjonen er avgrensa og omhandlar oppstartsfase, krav til planleveranse, sakshandsamingstid og regulerings-endring.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 05.12.2014

Informasjonen i Eidfjord kommune si "startpakke for private reguleringsplanar" er eit supplement til anna tilgjengeleg rettleiingsmateriell. Sjå m.a. nyttig informasjon hjå:

Framlegg til reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige, jf. def. i pbl § 12-3, men også forslagstillar kan ha nytte av å lesa informasjonen i "startpakka".

Under finn du alle dokument til startpakka i PDF-format. Desse dokumenta vert også levert til den fagkyndige og/el. forslagstillar i etterkant av oppstartsmøtet.

Spørsmål om oppstart av reguleringsplanarbeid kan rettast til eining for areal og miljø v/ Gunnar Elnan; gunnar.elnan@eidfjord.kommune.no / 53673508
 

Oppstartsmøte:

Private reguleringssaker vil i høve kontakten til kommunen starta med eit møte, jf. pbl § 12-8. Gjennomføring av oppstartsmøte er i Eidfjord kommune lagd til eining for areal og miljø. Føremålet med møtet er å oppretta ein tidleg kontakt mellom forslagstillar, den fagkyndige og kommunen, samt å leggja grunnlag for ein god planprosess.

Oppstartsmøte skal primært gje ei gjensidig orientering der planlagde føremål og avgrensing vert presentert av den fagkyndige/forslagstillar, og kommunen avklarar plansituasjonen og sannsynlege krav til planlegginga. Det skal også avklarast, evt. berre verta drøfta, om planframlegget utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram.

Gjennomføring av oppstartsmøte skal skje før kunngjering og formell varsling om oppstart regulering/reguleringsendring. Forslagstillar/fagkyndig tingar oppstartsmøte med kommunen via eige skjema (PDF, 27 kB).

Kommunen si førebuing til oppstartsmøte vert gjort på grunnlag av tinging frå forslagstillar. Til hjelp i førebuinga og for gjennomføringa av møtet er det laga ein mal for notat frå oppstartsmøte (PDF, 98 kB). Her er informasjon og krav til den vidare prosessen fram til innlevering av planframlegg. Kommunen sin sakshandsamar fyller ut notatet og sender det ut i etterkant av møtet. Normalt vil eit oppstartsmøte kunna arrangerast ca 2 veker frå tinging (kommunen kallar inn til møtet).
 

Vilkår for planlegginga:

  • Detaljregulering skal følgja opp hovudtrekk og rammer i arealdelen av kommuneplanen, evt. utifrå ein vedteken områderegulering.
  • Detaljregulering kan skje som endring el. utfylling av ein vedteken reguleringsplan.
  • Forslagstillar skal leggja til rette for medverknad for alle berørte interesser og myndigheiter.
  • Konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast i planomtalen. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse skal utarbeidast for alle reguleringsplanar som gjeld utbygging.
  • For nokre reguleringsplanar vil det vera krav om ein særskilt konsekvensanalyse. For dei tilfella skal det utarbeidast eige planprogram som skal på høyring og vedtakast av kommunen før planforslaget vert utarbeidd.
  • Prinsippet om universell utforming, estetisk utforming av omgjevnadane og omsynet til born og unge skal ivaretakast i planlegginga
     

Medverknad:

Kommunen oppmodar forslagstillar til å leggja til rette for aktiv medverknad tidleg i planprosessen, gjerne i forkant av formell kunngjering av oppstart. Dette utifrå at forutsigbarheit, openheit og medverknad er framheva som viktige element i nye plan- og bygningslova.
 

Kunngjering og varsel om oppstart:

Den fagkyndige varslar og kunngjer oppstart av regulering med utgangspunkt i informasjon frå oppstartsmøtet og kommunen sine malar for varslingsbrev og annonse for kunngjering.


Undervegsmøte:

I oppstartsmøtet kan det avtalast evt. undervegsmøte mellom forslagstillar/fagkyndig og kommunen, før innlevering av planframlegg. Føremålet med eit slikt møte vil vera å drøfta evt. uforutsette problemstillingar, sikra planprosess og planfamlegg, m.m.
 

Krav til planleveranse:

Den fagkyndig utarbeider framlegg til regulering på bakgrunn av m.a. notat frå oppstartsmøtet og evt. innkomne innspel/merknadar. Kommunen sine krav til innlevert planframlegg går fram av følgjande dokument:

  • evt. oppstartsvedtak ved planutvalet
  • notat frå gjennomført oppstartsmøte
  • kommunen si sjekkliste for innlevering av planframlegg
  • kommunen sin kravsspesifikasjon for innlevering av planframlegg
  • evt. andre spesifikke tilbakemeldingar i saka
     

Sakshandsamingstid:

Når eit planframlegg er levert til kommunen for handsaming vert framlegget sjekka utifrå kommunen sine tidlegare tilbakemeldingar i saka, kommunen si sjekkliste og kravspesifikasjon for innlevering av planframlegg. Om planframlegget syner seg ikkje vera tilfredsstillande, vert det sendt attende til den fagkyndige for utbetring. Om kommunen har hatt saka i t.d. 4 veker før attendemelding vert sendt ut, skal dette reknast frå i 12-vekersfristen.
 

Når kommunen har motteke eit komplett framlegg til privat reguleringsplan skal planutvalet snarast og seinast innan 12 veker (el. ein annan avtalt frist) avgjera om saka skal sendast på høyring og leggjast til off. ettersyn, jf. pbl § 12-11. Om kommunen ikkje held sakshandsamingsfristen skal plangebyret reduserast jf. fastsett forskrift.


Eit planframlegg skal vera på høyring i minst seks veker, jf. pbl § 12-10. For "enkle plansaker" med lite konfliktar vil saka deretter innan kort tid kunna leggjast fram for kommunestyret for endeleg godkjenning. For meir "kompliserte saker" vil det vera ulike avklaringar som må gjerast før planen kan leggjast fram for kommunestyret for endeleg godkjenning. Evt. må det også gjerast så mykje justeringar i det opphavlege planframlegget at det utløyser krav til ny runde med høyring og off. ettersyn.
 

Reguleringsendring:

Endring av ein vedteken reguleringsplan vert handsama med heimel i pbl § 12-14. Reguleringsendringar vert inndelte i 3 kategoriar, utifrå kompleksitet. Sjå eige informasjonsskriv om reguleringsendring
 

Dokument til startpakka: 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering