Personvernerklæring ACOS

Personvernerklæring for elektroniske skjermdialogar frå ACOS AS. Definisjonar (ref. personopplysningslova § 2). 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 30.01.2019

Personopplysning

opplysningar og vurderingar som kan knyttast til ein enkeltperson.
 

Behandlingsansvarleg

den som bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningar og kva for hjelpemiddel som skal brukast (mottakande instans).
 

Databehandlar

den som behandlar personopplysningar på vegner av den behandlingsansvarlege.
 

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert ivareteke av ACOS AS som databehandlar av personopplysningar. ACOS ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føla deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgde, og at datasikringa er ivareteken. Sikker behandling av data vil alltid kunne dokumenterast etter gjeldande reglar. ACOS AS er berre databehandlar av personopplysningane, medan det er mottakande instans, Eidfjord kommune, som er eigar av data og behandlingsansvarleg. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale.
 

Formålet med behandlinga av personopplysningar

Opplysningar som du fyller inn vert sendt vidare til behandlingsansvarleg (Eidfjord kommune). Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre nødvendig saksbehandling av søknaden din/saka di. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.
 

Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer reglane i lov om behandling av personvernopplysningar (personopplysingslova) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.
 

Personopplysningar

Dersom du meinar at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykkjer du til lagring ved å opprette din brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av retningslinjene våre for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.
 

Lagring av opplysningar

Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID, kan du når som helst velja å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt henta denne opp att for vidare utfylling seinare. Opplysningane du har tasta inn vil ligge lagra på serveren vår, og vil ikkje vera tilgjengelege for mottakar, Eidfjord kommune, før du bestemmer deg for å senda inn søknaden. Når du har valt innsending, har du samtidig godkjent at mottakar kan ta imot opplysningane.
 

Så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarleg, vert innhaldet sletta frå databehandlar sin server (seinast innan tre døgn). Vel du å avbryte utfyllinga for å hente denne opp igjen seinare, vil opplysningane berre vera tilgjengelege i 72 timar før dei vert sletta.
 

Det er råd å langtidslagra utvalde skjema på serveren til leverandøren (ACOS AS). Nøkkelopplysningar frå desse søknadene vil automatisk verta henta opp når du startar ein ny søknadsprosess. For langtidslagring gjeld ei utvida personvernerklæring. Du vil få tilbod om å langtidslagra innsende skjema det er råd å lagre.
 

Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsende søknadsdata verta sletta frå databehandlar sin server så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarleg (seinast innan tre døgn). Databehandlar vil berre ta vare på metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending og referansenummer).
 

Sikker linje

Alle opplysningar som vert overført mellom datamaskina di og serveren vår går føre på sikker kryptert linje (SSL). Løysninga tilsvarar sikringa som er brukt i nettbankane.
 

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å få sjå opplysningane me har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt med postmottak@eidfjord.kommune.no
 

Dersom du meinar at opplysningane er unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevja å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysninga, kan du sjølv sletta opplysningane. Dette er i samsvar med personopplysningslova § 18 og retting etter §§ 27 og 28 i same lov.
 

Ikkje samtykke

Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne bruke elektroniske søknadsskjema i sjølvbeteningsportalen - ACOS Søknadssenter. Du må då vende deg til kommunen på annan måte.
 

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år.
 

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, kan du kontakte: Eidfjord kommune Simadalsvegen 1 5783 Eidfjord Sentralbord: 53 67 35 00
 

Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering