Personvernerklæring (GDPR)

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke i vare av Eidfjord kommune i samband med innsamling av personopplysningar. Ved å nytta våre elektroniske løysningar, ynskjer me at du skal føle deg trygg på at gjeldande lover og regler vert følgde. Sikker handsaming av data vil til ei kvar tid verta dokumentert etter gjeldande regler. 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 30.01.2019

Lov om handsaming av personvern

Kommunen følgjer EU si personvernforordning, også kalla GDPR.
Denne følgjer Norsk lov, med ei rekkje avgjerder som supplerer reglane i forordninga.
Meir informasjon er å finna på datatilsynet sine sider:  https://www.datatilsynet.no/


Føremålet med handsaming av personopplysningar

Opplysningar du fyller inn, vert oversendt elektronisk til Eidfjord kommune. Opplysningane gjer kommunen i stand til å utføra sakshandsaming av di sak.


Eidfjord kommune ønskjer å gje innbyggjarane eit digitalt svar på saker som vert sendt inn. Det krev at me må vera sikre på at mottakar er rett person. Du vert derfor bedt om å fylle inn fødselsnummer i enkelte skjema. Alle personopplysningar vert handsama fortruleg og vil utelukkande verta nytta til sakshandsaming av saka innsendinga gjeld. Fødselsnummer vert aldri vist på offentleg tilgjengelege dokument.
 

Personopplysningar

Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa, samtykkjer du til lagring av innsamla data om deg. Samtykkjet vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet, og som samtykkje for måten opplysningane vert handsama på.
 

Lagring av opplysningar

Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vera tilgjengelege for mottakar, Eidfjord kommune, før du bestemmer deg for å senda inn søknaden. Når du har valt innsending, har du samtidig samtykka i at Eidfjord kommune kan motta og lagra desse opplysningane.
 

Sikker dataoverføring

Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server går via sikra datakommunikasjon. Løysinga svarar til sikringa som er brukt i nettbankane.
 

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å sjå opplysningane du har sendt inn. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du be om å få opplysningane endra eller sletta.
 

Unnlat samtykke

Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok teke vare på, vil du ikkje kunne nytta elektronisk skjermdialog. Du må då ta kontakt med Informasjon, jf. informasjon nedanfor.
 

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år.
 

Kontakt informasjon

Eidfjord kommune har etablert Personvernombod som du kan kontakta om du har spørsmål om kommunen si handsaming av personopplysningar. Personvernombodet skal jobba for at personvernet vert teke vare på ein god måte, både for tilsette og innbyggjarar.

Personvernet kan kontaktast på epost personvernombod@eidfjord.kommune.no eller via telefon 5367 3500

Brev kan sendast til:
 
Personvernombod

Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Spørsmål vedrørande personvernerklæringen kan også rettast til Informasjon på telefon 5367 3500, eller e-post: post@eidfjord.kommune.no

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering