Beredskap

Beredskap

Kommunen er ein viktig samfunnsaktør og arbeider med beredskap på mange måtar.

Kommunen og tryggleik

Arbeidet for trygge lokalsamfunn gjeld alt frå

  • analyse/kartlegging/planverk/forebygging/planlegging (td arealbruk/bygg)
  • tryggingstiltak (td trafikksikring, skredvoll, flaumsikring)
  • ulykke- og krisehandtering (td brann/redning, kriser)
  • kontroll/tilsyn/evaluering/økonomiplan/budsjett.

Samla sett bruker kommunen store ressursar på beredskap, som også er ei lovpålagt oppgåve både når det gjeld

  • planverk
  • risikovurdering/ROS (risiko- og sårbarvurdering)
  • organisering
  • strategi-/oppfølgingsplan
  • øving (jmf Lov og Forskrift om kommunal beredskapsplikt)

Brann og redning

Det publikum kjenner mest til i kommunen sitt beredskapsapparat er brann og redning, som er ei operativ eining som samhandlar tett med naudetatane (politi og ambulanse). Også helsetenester og legevakt har operative funksjonar.

Kriseleiing

Dersom det skjer større uønska hendingar eller hendingar med stort informasjonsbehov (td skred, dødsulykker, uavklarte redningsaksjonar ol), vert kommunen si kriseleiing samla. Dette kan vera heile kriseleiinga eller delar av kriseleiinga, alt avhengig av kva situasjon som oppstår.

Det er rådmann eller ordførar som avgjer om kriseleiinga skal samlast. Kriseleiinga styrer kommunen si overordna handtering av større kriser, som regel i tett samråd med politi. I enkelte situasjonar vil også Statsforvaltaren vere involvert.

Psykososialt kriseteam

Ved dødsfall eller andre alvorlege kriser har kommunen eit psykososialt kriseteam som kan setjast i starten av slike situasjonar. Etterkvart vil oppfølging lagt inn i ordinær tenesteorganisering, vanlegvis helse og omsorg.

Planverk

For å vere godt budd på krisesituasjonar har kommunen ulike planverk, og gjennomfører jamnleg øvingar. Dette gjeld både dei operative einingane, kriseleiinga og andre kommunale teneste-einingar (td skule og barnehage).

Beredskap for din del

Tenk over kva du skal gjera ved orkan eller storm, store nedbørsmengder og flaum, langvarige straumbrot, branntilløp og andre ulukker. 

Det er viktig å vere budd på ekstremvèr og moglege følgjer i timane og dagane etter. Feil på elektrisitet, tele, data og vassforsyning kan få mykje større konsekvensar i dag enn for nokre år sidan.  

Skriv ut og les meir i vår brosjyre, så har du den liggande om straumen går (PDF, 4 MB)