Tenestetorg

Tenestetorget er eit felles sekretariat for administrasjon og politikk, og held til i 1. etasje i kommunehuset.  I tillegg har me publikumsteneste. Her kan du få svar på mykje, eller me kan visa deg vidare til rette vedkomande. Me er tilgjengelige for publikum frå kl. 08.00 - 15.00 kvar dag.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 24.01.2017

   Kva gjer me:

  • Mottak av publikum, telefonar, dokument og e-post
  • Sentralbord for Eidfjord kommune
  • Me har søknadskjema, og hjelper med utfylling/informasjon og veiledning så langt me kan
  • Utleige av kulturbygg/idrettshall/
  • Utleige av fjellstyrehytter
  • Uleige av Sandvadhytte (kommunal hytte for innbyggjarar)
  • Utleige av brurebunad frå Eidfjord til giftarmål
  • Me gjev deg skjenkeløyve
  • Me handsamar motorferdselløyve
  • "Flytt til Hardanger" Me informerer og veileder deg i tilflyttingsfasen
  • Redaktøransvar for Eidfjord Nytt (kommunalt informasjonsblad - 2 utgåver i året)
  • Me sel fiskekort og jaktkort
  • Me sel div. bøker
  • Me sel kort til styrkerommet i idrettshallen
  • Kopieringsteneste
  • Post og arkivansvar - me veit kor saka di er og kan generelt gje innsyn i postlister og dokument
  • Politisk sekretariat
  • Gjennomføring av Stortings- og kommuneval (førehandsrøysting, manntall m.m.)

 Kva kan du vente av oss?

  • At me møter deg venleg og med respekt
  • Me skal kunne gje deg informasjon om den saka du lurer på, og rettleiing til å kome deg vidare
  • Tydelege og forståelege tilbakemeldingar
  • Hjelp til å fylle ut søknadsskjema
  • At me viser deg til rett person eller kontor når me ikkje kan hjelpe
  • Me tek imot deg når du møter opp på kommunehuset, og me svarar deg på telefon.

 Kva ventar vi av deg?

  • At du vender deg til ekspedisjonen når du kjem på kommunehuset og fortel oss ærendet ditt. Då kan me vurdera kven som kan hjelpa deg vidare.
  • At du møter oss venleg og med respekt
  • Gje oss gjerne tilbakemeldingar på tenestene/servicen vår.

 Søknadsskjema og lovverk

  • Du finn dei aller fleste søknadsskjema du treng hjå oss. Dei ligg også her på heimesida.
    Vi arbeider etter Forvaltningslova og Offentleglova.

 Saksbehandlingstid

  • Telefonar, e-post og spørsmål ved skranke svarar vi på etter kvart som dei kjem
  • Saker som blir handsama ved tenestetorget skal du få svar på i løpet av tre veker etter at me har motteke saka - eller tre veker etter søknadsfrist. Rekk me ikkje fristen skal du få beskjed om kor lang tid me treng på å handsame saka

 Kva kostar det?

  • Prisane ligg på heimesida vår. Me kan også opplyse deg om desse om du kontaktar oss
  • Svart/kvit kopiar er gratis for lag og organisasjonar tilhøyrande Eidfjord kommune

Service

Det er ikkje alltid godt å måla servicenivå, men me meiner at "god service" frå oss er når me klarar å gje deg det "lille ekstra" eller når du føler at du får meir enn forventa...!!

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Johanna Maria Hereid
Einingsleiar tenestetorget
Tlf: 53 67 35 32
E-post  
Artikkel (1)
Filgalleri (1)
 
Login for redigering