Borgarleg vigsel

bridal-636018_1280.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar 2018 har norske kommunar fått mynde til å vigsla brudepar.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 01.03.2018

I Eidfjord er det ordførar Anved Johan Tveit, varaordførar Aslak Lægreid, rådmann Geir Underhaug, og kultursjef Lisbeth Bygstad Celik som har mynde til å vigsla.
 

Eidfjord kommune har lagt til rette for gjennomføring av seremonien innanfor arbeidstid (08.00 - 15.00), men det er òg opna opp for andre ynskje. Ta kontakt med oss i god tid for å finna ut kva som er mogleg å få til.
 

Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må vera på plass for at ein skal kunna gifta seg. Les meir i desse lenkjene:

 

Vilkår

For å kunna gifta seg, må Skatteetaten sjå til at brudeparet stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Difor må ein del dokument sendast inn og handsamast av Skatteetaten. Sakshandsaminga tek to - tre veker, så ein må vera ute i god tid. Dokumenta som må sendast inn er:

Alle dokumenta finn du på nettsidene til Skatteetaten. På grunnlag av dette skriv Skatteetaten ut prøvingsattest, som viser at paret stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten må visast fram før vigsla, og kan ikkje vera eldre enn fire månader.
 

Under vigslinga må det vera til stades to vitne, desse kan vera forlovarane. Både brudepar, vitne og forlovarar må ha med gyldig legitimasjon.
 

Om dei som skal gifta seg er utanlandske statsborgarar må dei dokumentera lovleg opphald i Noreg på tidspunkt for vigsling. Utanlandske statsborgarar må òg senda prøvingsattesten ein dag på førehand.
 

Seremoni

Vigsling går føre seg på Galleri N.B. der me har eigna lokale, eller Eidfjord kommunehus. Her er det pynta med ljos, kvit duk og blom på vigselsbordet. Ønskjer ein pynt utover dette, må brudeparet sjølve stå for det. Om det skal vera kulturelle innslag under sjølve vigslinga, må de melda frå om dette på førehand.
 

Dersom brudeparet ynskjer å gifta seg andre stader enn i Galleri N. B., eller på kommunehuset, må brudeparet sjølv syta for lokale og alle eventuelle løyve som må vera på plass. Tid og stad utanom kommunen sine lokal må avtalast med vedkomande som skal stå for vigslinga.
 

Sjølve vigslinga skjer etter faste reglar. Vigslaren les "Det borgarlege vigselsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.
 

Kommunen sender vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselattest fram til de får attest frå Folkeregisteret.
 

Kostnad

Tilbodet om borgarleg vigsel er gratis for kommunen sine eigne innbyggarar og for personer som ikkje er busett i Noreg. Kommunen tek betaling for naudsynte meirkostnader dersom brudeparet vert vigsla utanom vanleg kontortid, eller på annan stad enn kommunen sine seremonilokal.


Brudefolk som ikkje er busett i kommunen, med unntak av personar som ikkje er busett i Noreg, må betale for tenesta. Kommunen tek ikkje betalt for meir enn dekking av naudsynte faktiske kostnader.

Betalingssatsar borgarleg vigsel
 

Kontakt

Om du ønskjer å gifta deg i Eidfjord, send oss ein e-post til adresse postmottak@eidfjord.kommune.no der du skriv:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brudeparet
  • Kva dato de ynskjer å gifta dykk
  • Kven de ynskjer skal stå for vigslinga
  • Om de ynskjer seremonien i våre lokal, eller andre stader

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering