dinutvei.no

dinutvei.no, ein vegvisar ved vald og overgrep. 

 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 18.02.2016

dinutvei.no

 

 

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramma menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva hjelp dei kan få, eller kvar hjelpa finns. Mange ynskjer òg meir kunnskap om vald og overgrep.
 

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gjev oversikt over ulike hjelpbetilbod, der du er, eller over heile landet. På dinutvei.no finn du òg informasjon, fagstoff og ei spørsmål- og svarteneste, der du kan stilla spørsmål og få svar anonymt.
 

Nettportalen gjev oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande, dei som utøver vald, og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å forebyggja vald i nære relasjonar.
 

dinveiut.no er utvikla av

  • Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS)

i samarbeid med

  • Regionale ressurssentre om vold og traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS)
  • Krisesentersekreteriatet
  • Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S)

på oppdrag fra Justis- og beredskapsdepartementet.

 

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering