Kjeåsen - bilveg

Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. I dag kan du køyra bil, gjennom ein tunnel som kraftutbyggjarane i Sima har skote ut.

Opning

  • Vegen opnar rundt 1. mai kvart år

Om vegen

  • Vegen opp til garden startar i Simadal, ca. 8 km fra Eidfjord/Rv7
  • Bilvegen opp er 5 km lang, og består av ca. 2,5 km serpentinveg, resten gjennom ein smal tunnel.
  • Det er mogleg med bobil gjennom tunnelen, maks høgd 4,2 meter
  • Det er ikkje mogeleg å gå eller sykle gjennom denne tunnelen
Skilt som visar høgd på Kjeåstunnelen, 4,2 meter - Klikk for stort bileteSkilt ved Kjeåsvegen Åshild Djønne

Timekøyring

  • Opp til Kjeåsen kvar heile time
  • Ned frå Kjeåsen kvar halve time

Gå stien

Du kan også gå den fantastiske, men svært bratte, stien opp til Kjeåsen, startpunkt ved Sima kraftverk, ca. 1 - 1,5 time kvar veg.