Vedtekter

6 Opptak i barnehagen

  1. Barnehagen i Eidfjord har som intensjon at alle som søkjer, skal få barnehageplass
  2. Barnehagen i Eidfjord har opptak ved skulestart jf barnehage- og skuleruta, med søknadsfrist 1. mai og opptak 1. januar og 1. april med søknadsfrist 1. okt
  3. Med referanse til barnehagelova har barn som fyller eit år i sept. til nov. rett på barnehageplass innan utgangen av den månad dei fyllar 1 år 
  4. Barnet må ha fylt 9 månadar for å få plass
  5. Opptakskretsen er heile Eidfjord kommune
  6. Opptak av born vert gjort av barnehagestyrar, ut frå gjeldande vedtekter.
  7. Born kan søkjast inn på 60, 80 eller 100 % plass, med atterhald om at plassane i barnehagen vert effektivt utnytta i høve ynskje om dagar.
  8. Barnehagestyrar kan dispensere frå reglane ved spesielle høve.
  9. .Jf §19g i lov om barnehagar: Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunen fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbod til barn med nedsett funksjonsevne, jf. barnehagelova § 19g.

6.1 Prioritering ved opptak

 

  1. Born med nedsett funksjonsevne
  2. Born som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester
  3. Born som har bustadadresse i Eidfjord kommune
  4. Born som ikkje bur i Eidfjord kan få plass i barnehage her dersom det er ledige plassar. Føresetnaden er at minst ein av foreldra/føresette har arbeidet sitt her. Dei får mellombels plass for eitt år om gongen.

Før eit barn tek til i barnehagen, skal det leggjast fram ei stadfesting om helsa til barnet. Har barnet møtt til ordinær kontroll på helsestasjon, kan slik stadfesting gjevast av foreldra/føresette til barnet, jf. § 23 i Lov om barnehagar.