Byggja i Eidfjord

Skal du byggje ny bustad, hytte, garasje eller utvida eksisterande bygningar? Me har ledige bustadtomter til svært gunstige vilkår. Nokon av tomtene er gratis.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 25.10.2017

Du kan velja mellom tomter med strålande utsikt over fjorden med kveldssol til 22.00, til flate, lett opparbeidbare tomter i Øvre Eidfjord, omkransa av mektige fjell og elvar.

Det er ført fram veg, vatn og kloakk til tomtene.
Nokre er òg utgravne og planert.

 

Me har ledige tomter i:

Hagaskarv (PDF, 518 kB) 
Bjødnatun (PDF, 270 kB)  
Hereidsbakkane/Smievegen (PDF, 878 kB)  
Kvednabakken (PDF, 2 MB)


Har du byggjeplanar - ta kontakt med oss på tlf. 53 67 35 00. Sentralbordet set deg over til rett person om du har spørsmål.

For kartutsnitt av aktuelle tomter sjå vedlegg over. I menyen til høgre finn du også reglar for tilskot til bustadetablering, generelle reglar for tildeling av kommunale bustadtomter og reglar for kommunalt bustadlån.

Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
 
Login for redigering