Klage på enkeltvedtak

 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 29.06.2015

Ein kan klage på det endelege kommunestyrevedtaket i reguleringssaker, jamfør plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltingslova kap. VI (§ 28–36).
 

Klagen skal sendast til Eidfjord kommune og skal vere signert.
 

Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
postmottak@eidfjord.kommune.no


Klagen skal innehalde
 

  • vedtaket ein klagar på
  • grunngivinga for klagen
  • endringa/endringane ein ønskjer
  • andre opplysningar som kan vere viktige
     

Klagen skal leggjast fram for behandling i kommunestyret/utval. Dersom klagen ikkje blir teken til følgje, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som har delegert myndigheit frå Miljøverndepartementet.
 

Frist

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 tre veker frå den dagen vedtaket er komme fram til den gjeldande parten. Dersom klagen blir send inn for seint, kan han bli avvist. Dersom du har særleg grunn til det, kan du søkje om å få utvida klagefristen.
 

Saksdokument og rettleiing

Du har rett til å sjå saksdokumenta (med visse avgrensingar). Du må i så tilfelle kontakte eining for areal & miljø der du òg kan få meir rettleiing om framgangsmåten, saksbehandlingsreglar og andre reglar som konkret påverkar rettane og pliktene dine.
 

Kostnader ved klagesaka

Etter § 36 i forvaltingslova kan ein part (klagaren) få dekt vesentlege kostnader til dømes til advokathjelp når desse har vore nødvendige for å få endra vedtaket til sin fordel. Klageinstansen vil i slike tilfelle gjere deg merksam på retten til dekning.
 

Rettsverknad av reguleringsplan
 

 

Verknad: plan- og bygningslova § 12-4

Ein vedteken reguleringsplan er straks bindande for den framtidige arealbruken i området. Verknadene i planen trer i kraft sjølv om det ligg føre ein klage, med mindre det blir vedteke å utsetje iverksetjinga, jf. forvaltingslova § 42.
 

Utsett iverksetjing av vedtak: forvaltingslova § 42

Kommunen, ein klageinstans eller eit anna overordna organ kan avgjere å utsetje iverksetjinga til klagefristen er ute eller klagen er avgjord. Ei oppmoding om å utsetje iverksetjinga skal avgjerast så snart som mogleg. Dersom ei slik avgjerd er teken, får reguleringsplanen først rettsverknad når klagefristen er ute eller klagen er avgjord. 
 


Avslag på oppmoding skal grunngivast, og grunngivinga skal bli gitt samtidig med avslaget. Det er ikkje høve til å klage på ei avgjerd som gjeld utsett iverksetjing.

Grunngivinga for å ha ein regel om utsett iverksetjing er rettstryggleiken. For klagaren er det avgjerande at vedtaket ikkje blir gjennomført før det er avgjort om klagen fører fram. Dersom reguleringsvedtaket blei gjennomført, kunne ein risikere at det blir uråd å få medhald i klagen, eller i alle fall at det blir vanskeleg og kostbart å følgje opp.


Erstatning: plan- og bygningslova § 15-3

Dersom ein reguleringsplan fører til endringar av ei tomt som nemnt under § 15-3 første ledd, kan ein setje fram erstatningskrav.


Eit erstatningskrav må etter § 15-3 andre ledd vere sett fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord etter § 12-12 fjerde og femte ledd, eller etter at vedtak er gjort kjend etter § 12-12 femte ledd.


Innløysing: plan- og bygningslova § 15-2

Grunneigaren (eller festaren) kan krevje at ubygd eigedom straks blir innløyst heilt og fullt når han er regulert til bestemte formål, og dersom han ikkje kan nyttast på ein rekningssvarande måte. Det gjeld når eigedommen er regulert til offentlege trafikkområde, offentlege friområde, fellesområde, fornyingsområde og til statlege, fylkeskommunale og kommunale bygningar og grav- og urnelundar.
 

 

Etter § 15-2 andre ledd må grunneigaren krevje innløysing seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord etter § 12-12 fjerde og femte ledd, eller etter at vedtaket er gjort kjent etter § 12-12 femte ledd.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering