Bandtvangreglar

Minner om bandtvangreglane som gjeld i Eidfjord kommune 

§ 1. Føremål

Eidfjord kommune vil med denne forskrifta:

  • Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
  • Redusera konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta
  • Medverka til at spesielt barn ikkje vert skremd av hundar
  • Medverka til at hundar ikkje jagar bufe på beite
  • Verna viltet under ekstraordinære tilhøve.
     

§ 2. Definisjonar

  • Hundehaldar: den som eig eller har tatt omsorg for eller hand om ein hund for kortare eller lengre tid
  • Bufe: Storfe, sau, geit og hest
  • Utmarksbeite: Areal som ikkje er inngjerda eller etter friluftslova § 3 vert rekna som gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått, kulturbeite eller skogplantefelt
  • Innmarksbeite: Areal som er inngjerda og som husdyr nyttar som beite.

§ 3. Virkeområde

Forskrifta omfattar reglar for hundehald i kommunen. Den ordinære bandtvangen er frå og med 1. april til og med 20. august.

 


Lovføresegner om sikring av hundar

 

§ 4. Om bandtvang

Hundar skal haldast i band:

  • På kyrkjegardane og i sentrum av Eidfjord og Øvre Eidfjord og på skule og barnehageområde.
  • I område der bufe går på utmarksbeite: - frå og med 1. april til og med 1. desember.
  • I område der bufe går på innmarksbeite: - heile året.
  • Unntatt er dei tilhøva som er skildra og heimla i hundelova § 9 « unntak frå sikringsreglene ».

§ 5. Om ekstraordinær bandtvang

Eidfjord kommune kan ved særleg vanskelege snøtilhøve og når det ligg føre sterk fagleg tilråding, gjera vedtak om ekstraordinær bandtvang for å verna hjorteviltet, i området:

  • Alt areal som ligg over høgdekote 600 i Eidfjord kommune, med unntak av Hardangervidda nasjonalpark.

§ 6. Unntak frå sikringsreglane

Eidfjord kommune kan etter søknad gje unntak frå bandtvangsreglane i hundelova, § 4, § 6 og § 7 til:

  • Organisert bruk av hundar til takserings- og forskingsarbeid
  • Organisert trening av hundar på offentleg stad

 

 

Andre lovføresegner


§ 7. Om reinhald

Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg på veg, fortau, park, bru, brygge, kai, strand, turveg, anna manns hage, anlegg eller annan offentleg stad som vert nytta av ålmenta.
 

§ 8. Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå den dato som den vert lyst i Norsk Lovtidend.

Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
Artikkel (1)
 
Login for redigering