Jakt og fiske

 Eidfjord har variert natur som grunnlag for friluftsliv, jakt og fiske. Her er stupbratte liar ned i fjord og dal med mange utfordringar og moglegheiter. Hardangervidda byr på kuppert landskap i vest og rolege terrengformar i aust.

Eidfjord ligg i den tempererte klimasone. Klimaet er oseanisk, dvs. sterkt påverka av luftstraumar frå havet. Gjennomsnittleg årsnedbør i Vik i Eidfjord er omlag 920 mm, medan det på Vivelid, som ligg 900 m.o.h. er omlag 720 mm.

  • Årsnormalen for temperatur i Eidfjord ligg på 7,0 °C, på Maurseth 1,3 °C
  • Hardangerjøkulen utgjer 55 km² av arealet i kommunen
  • Hardangervidda nasjonalpark dekkjer 575 km²
  • Hardangerjøkulen Skaupsjøen landskapsvernområde 312 km² av arealet i kommunen
  • Bjoreidalen våtmarksreservat er på 4795 daa
Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering