Tursti

Eidfjord kommune arbeider med å leggje til rette for eit variert og aktivt turtilbod i kommunen utanom det etablerte DNT-løypenettet. Tilbodet av stiar kjem i hovudsak til å følgje gamle stiar og ferdslevegar i sentrumsnære område.
 

Etter kvart som stiane vert opparbeida og rydda vert informasjon om dette lagt ut her. Det samla tilbodet av stiar skal resultera i eit tur- og løypekart for kommunen.
 

Det vert gjort merksam på at fleire av stiane i Eidfjord ligg i bratt terreng med rasfare. Ta difor omsyn til vêr og føre før du legg ut på tur. All ferdsle skjer på eige ansvar.
 

Informasjon om kvar enkelt sti.

Fann du det du leita etter?
Linkar (1)
 
Login for redigering