Psykisk tenester - vaksne

Psykisk tenester - vaksne

Psykisk helseteneste i kommunen er tiltak retta mot menneske med psykiske lidingar og konsekvensar av lidingar hjå den enkelte, deira familie og nettverk.

Målsettinga med psykisk helsearbeid i kommunen er å bidra til å fremma sjølvstende og styrkja evna til å meistre eige liv for menneske med psykiske lidingar. Psykisk helse gjev også tilbod til dei med moderate psykiske plager eller vanskar, og til dømes ved livsskrisar der det kan vera tilstrekkeleg med hjelp ein kortare periode.

Me tilbyr

  • Personleg oppfølging og samtalar
  • Støtte til betring og meistring
  • Samarbeid med fastlegen eller andre hjelpeinstansar
  • Heimebesøk
  • Kontakt med spesialisthelsetenesta 

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis

Treng du nokon å snakka med?

Treng du nokon å snakka med, eller har spørsmål kring psykisk helse, ta kontakt med fastlegen eller direkte med psykisk helsetenesta i kommunen.

Lovverk

Helse og omsorgstenestelova §3-2 nr.6a
Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Forvaltningslova​​​​​​​

Kontakt

Gro Elnan
Psykiatrisk sjukepleiar
E-post
Telefon 53 67 35 50
Mobil 993 88 558


KONTORTID:  08:00 – 15:30 
Oddetalsveker; Måndag og torsdag
Partalsveker; Måndag, tysdag og torsdag

Legekontoret i Eidfjord
Telefon 53 67 35 50

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Akutt psykisk helsehjelp

Hvis du treng akutt psykisk helsehjelp,
ta kontakt med din fastlege eller legevakt.
Ved livstruande tilstander ring 113. 

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00