Bustønad frå Husbanken

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 30.11.2016

 

Bustønad frå Husbanken 

Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning som vert administrert av Husbanken og kommunane. Føremålet med ordninga er å hjelpa husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å etablera seg og verta buande i ein trygg og god bustad.
 

Du kan få hjelp ved å kontakta NAV Eidfjord.

Tlf. 5555 3333

 

Kva er bustønad?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.


Kven kan få bustønad?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

 

Søk bustønad

Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får innvilga bustønad, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.
 

 

  • Søk bustønad
     
  • Papirsøknader skal du sende til:
    Eidfjord kommune
    Simadalsvegen 1
    5783 Eidfjord

     

Du må melde frå om endringar

Du har plikt til å melda frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. 

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student
  • Melde frå om endringar


Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.
 

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.


Meir informasjon

  • Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustønadssider
  • Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. Kontaktperson finn du under.

 


Regelverk

 

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elisabet Joleik
Organisasjonssjef, Rådmann og stab
Tlf: 53 67 35 14
E-post  
 
Login for redigering