Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å oppretthalda, betra og fremja innbyggjarane si helse. Folkehelsearbeid skal svekka risikofaktorar for dårleg helse og styrka faktorar som bidreg til betre helse.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 18.02.2015

Eidfjord kommune har ein folkehelsekoordinator, som er organisert under kommuneoverlegen i kommunen si helseavdeling, men arbeidar i heile kommunen der det er aktivitet. I stillinga ligg òg ansvar for fritidssentera i kommunen.

Hovudoppgåver:

  • Koordinera, administrera og ha det økonomiske ansvaret for eksisterande fritidssenter for eldre.
  • Syta for samhandling og samspel mellom offentleg og frivillig sektor
  • Stimulera, koordinere og vidareutvikle tiltak for styrking av folkehelsa
  • Syta for at Folkehelsearbeidet vert innarbeidd i dei einskilde planane i kommunen, samt lage ein eigen Folkehelseplan

Eidfjord kommune har eit godt tilbod for dei som vil vera fysisk aktive med idrettsanlegg og symjehall. Det ligg til rette for aktivt friluftsliv med mange merka løyper og Hardangervidda i nærleiken.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering