Fysioterapi

Kva er fysioterapi ?

Fysioterapeuten har kunnskap om kroppen sin oppbygning og funksjon, og om samspelet mellom individ , miljø og samfunn.

Vår grunnleggjande oppgåve er å arbeida for å betra mennesket si funksjonsevne. Området vårt er arbeid med menneske som vert utsette for eller utviklar sjukdom, lidingar eller plager i bevegelsessystemet.

Ei av dei viktigaste oppgåvene er å skapa forståing for korleis sjukdom og skadar oppstår, slik at det og blir eit eige ansvar å førebyggja.
 

Arbeidsområde

Fysioterapeuten vel behandlingsform og metode etter ei grundig undersøkjing og etter pasienten sitt behov.

Dei ulike behandlingsformene er øvingar, trening i ulike former, massasje, kulde/varmepakningar, elektroterapi, psykomotorisk behandling og manuell terapi.

Fysioterapitenesta har ansvar for og arbeider i høve til alle aldersgrupper. Me arbeider førebyggjande og aktivt behandlande i høve til alle grupper.

Me deler ansvarsområda inn som fylgjer :

  • Fysioterapi for barn 0 - 16 år

  • Fysioterapi for ungdom/ vaksne 16 - 66 år

  • Fysioterapi for eldre over 67 år

  • Habiliterings- og rehabiliteringstenesta

Kontakt

  • Kontortelefon 5367 3567
  • Mobiltelefon 468 91 068
Sist endra 31.01.2019
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Ketil Bjotveit
Fysioterapaut
Tlf: 53 67 35 67
E-post  
Teneste (1)
 
Login for redigering