Heimetenesta

Heimetenesta - Klikk for stort bilete

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei teneste som etter søknad og vurdering gjev tilbod om sjukepleie i heimen. Eksempel på tenester er sårskift for dei som har vanskar med å koma til legekontoret, medisinering i dosett, injeksjonar, hjelp til personleg hygiene m.v.

Pleie og omsorg kan svara på spørsmål. Heimesjukepleie er ei gratis teneste.
 

Heimehjelp

Heimehjelp er ei yting til innbyggjarar i Eidfjord som etter søknad og vurdering gjev tilbod om praktisk hjelp i heimen. Eksempel på tenester er reingjering, matlaging, innkjøp og klesvask.

Pleie og omsorg kan svara på spørsmål.

Sist endra 05.06.2014
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
 
Login for redigering