Nav Eidfjord

NAV Eidfjord har lokale i 2. etg på Kommunehuset.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 20.04.2015

Snarvegar :

Barneverntenester - Innvandring og integrering - Sosiale tenester - Tilskotsordningar

Hovudmåla til NAV er :

  • Arbeida for å få fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad
  • Tilby tenester som skal opplevast som enklare og tilpassa brukarane sine behov
  • Utvikla ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning

Telefon/e-post:

NAV Eidfjord er knytt til NAV Kontaktsenter Hordaland, og dei vil kunna svara på dei fleste spørsmål som brukarane har, og dei kan setja opp timeavtaler med oss. Dersom kontaktsenteret får spørsmål som dei ikkje kan svara på, koblar dei telefonen vidare til oss ved NAV Eidfjord. Telefonnr du skal bruka er: 5555 3333.

Dersom du tek kontakt på førehand, kan me gjera timeavtale. Du er då sikker på at du treffer oss, og me kan førebu oss til det du vil ta opp med oss. I særs høve kan me gjera avtale om heimebesøk.

Postadresse

NAV Eidfjord, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Du kan òg bruka postkassa på utsida av hovudinngangen til kommunehuset når du vil levera post til oss.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

NAV Eidfjord
Tlf: 55 55 33 33
E-post  
Artikkel (1)
 
Login for redigering