Psykisk helse

 

 

Psykisk helsearbeid i kommunen er tiltak retta mot menneske med psykiske lidingar og konsekvensar av lidingar hjå den enkelte, deira familie og nettverk. Psykisk helsearbeid er både eit kunnskaps- og praksisfelt, og det omfattar også arbeid på systemnivå som førebygging av psykiske lidingar, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motverka stigmatisering og diskriminering.
 

Målsettinga med psykisk helsearbeid i kommunen er å bidra til å fremma sjølvstende og styrkja evna til å meistre eige liv for menneske med psykiske lidingar.
 

Koordinator for psykisk helse i Eidfjord kommune er psykiatrisk sjukepleiar Gro Håvardsholm Elnan. Ho er å treffe på kontoret i andre høgda på helseavdelinga ved NAV kontoret eller på telefon 53 67 35 66, mobil 993 88 558

 

Kontortid kl 08:00 - 15:30
Måndag og torsdag (i oddetalsveker)
Måndag, tysdag og torsdag (i partalsveker)
 

Tenester

  • Heimebesøk
  • Koordinering til andre fagtenester
  • Kontakt til 2. lineteneste/spesialisthelsetenesta
  • Støttesamtalar - individuelt eller grupper
     

Tenesta er gratis.


Treng du nokon å snakka med, eller har du behov for nokon av tenestene, ta kontakt for å avtala tid for samtale.

 

Sist endra 06.01.2017
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
 
Login for redigering