For tilsette i kommunen

For tilsette i kommunen

Som tilsett i kommunen kan det vera mange spørsmål ein har vedrørane sitt arbeidstilhøve og alle endringar som skjer om dagen i høve koronasituasjonen. Eidfjord kommune har freista å laga ei oversikt over aktuell informasjon for kommunalt tilsette. 

Tiltak for å redusera smitterisiko for tilsette

  • Dersom du mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset
  • Forbod mot utanlandsreiser for helsepersonell som arbeider med pasientbehandling
  • Tilsette i Eidfjord kommune vert sterkt fraråda å gjennomføra utanlandsreiser. Alle som har vore i utlandet (uavhengig av sone) må ha eit negativ prøvesvar for Covid-19 før ein kan tiltre stillinga på nytt. Testen må vera teken i Norge. 
  • Tilsette i Eidfjord kommune bør unngå unødvendige fritidsreiser innanlands
  • Tilsette i Eidfjord kommune bør ikkje fysisk delta på kurs og seminar
  • Alle møter der me kan nytta Teams eller Skype bør gjennomførast digitalt
  • Tilsette må vere førebudd på at kommunen som arbeidsgjevar truleg må styra ressursane aktivt for å tena dei områda som har mest behov. Det vil sei at tilsette må jobba i andre einingar og med andre arbeidsoppgåver for å dekka kritiske behov
  • Tilsette kan ikkje nytta omsorgsløn dersom ein vel å vera heime med barnet – og ikkje nytta barnehageplassen sin.

Rettigheiter og plikter

  • Oversikt over alle nasjonale tiltak retta mot arbeidslivet
  • Tilsette som vert sett i karantene av lege skal ha sjukemelding. Ulike oppgåver kan utførast som ved annan sjukemelding. Lønn vert oppretthalden og når myndigheitene har pålagt karantene. Personar i sjølvpålagt karantene har ingen lønnsretigheiter (ugyldig fråvær)
  • Reglar knytta til permitteringar for både arbeidsgjevar og arbeidstakar (NAV)
  • Informasjon og råd for tilsette som vert permittert (NAV)
  • Tilsette som reiser til utlandet og bevisst pådreg seg karantene får ikkje dekka lønn i karanteneperioden (konsekvensen er kjend på førehand og arbeidstakar kan ikkje utføra arbeidsplikt si etter arbeidsavtalen)
  • Du kan bruka omsorgspengar dersom barnehagen eller skulen vert stengt grunna koronaviruset
  • Frå 1.juli gjeld ordinære reglar for omsorgsdagar
  • Arbeidsgjevar KAN godta eigenmelding opptil 16 dagar utan sjukemelding.  Førebels oppererer Eidfjord kommune med 8 dagar. Merk at den tilsette sjølv må opplysa til arbeidsgjevar om det er korona-relatert eller ikkje
     

    Arbeidstakars rettar og plikter

     

Kontakt

Reidar Meel
Organisasjonssjef
E-post
Telefon 53 67 35 14
Mobil 400 07 177