Koronanytt

Regjeringa fjernar alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom. 

I veke 6 vart det registrert 26 nye smittetilfeller med korona i Eidfjord kommune.

Lægreid skule har fått noko smitte den siste veka, noko som er forventa utifrå nasjonale lettingar den siste tida. 

Det er slutt på at du må stadfesta positiv hurtigtest med PCR test, men du er oppfordra til å registrera positiv test til kommunen.

I veke 5 vart det registrert 16 nye smittetilfeller med korona i Eidfjord kommune.

Folk vert mindre sjuke av den virusvarianten som no herjar, og vaksinen gjev oss godt vern. Derfor fjernar regjeringa mange av koronatiltaka.

Folk vert mindre sjuke av virusvarianten som no herjar, og vaksina gjev godt vern. Derfor vel regjeringa å fjerna svært mange av koronatiltaka. Endringa gjeld frå kl. 23.00 tysdag 1. februar.

 

I veke 4 vart det registrert 3 nye smittetilfeller med korona påvist med PCR i Eidfjord kommune.

I veke 3 var det registrert 7 nye smittetilfeller med korona påvist med PCR i Eidfjord kommune. 

Etter nyttår har det vore nokre smittetilfelle knytt til Lægreid skule. Tilsette i nærkontakt har vorte testa med PCR, samt dagleg hurtigtest i tråd med retningslinjer for testing. Etter ei fagleg vurdering valde me òg ut born me ynskte å testa med heimetestar.