Generell info
Tiltaka gjeld frå midtnatt natt til fredag 14. januar 2022. Det er venta høge smittetal i tida som kjem, men som samfunn tåler me smitten betre. Vaksine beskyttar godt mot alvorleg sjukdom. Det er anbefalt gult nivå for barnehage og grunnskular, men kommunar kan styra lokale tiltak etter smittesituasjonen.
Eidfjord kommune presiserar at alle må sjølv ta ansvar for smittevern både privat og ved eigne arrangement slik at dei er i tråd med nasjonale føringar. Det er framleis viktig å redusera nærkontaktar, men ikkje isoler deg. Treff andre utandørs om det er mogeleg.
Kommunal kriseleiing (KKL) har gått gjennom kommunal tenesteproduksjon og kapasiteten til å drive tenestene i trå med dei nasjonale tiltaka.
Regjeringen letter på tiltakene
Konsekvensar
Lokale tiltak
Nasjonale tiltak
- Påbod om at arbeidsgjevar syter for at tilsette jobbar på heimekontor for dei som kan.
- Skjenkestopp frå klokka 23:00 (nytt)
- Påbod om bruk av munnbind når du ikkje kan halda 1 meter avstand
Dette gjeld frå og med 14.01.22
Testing erstattar karantene
Nærkontaktar som er hustandsmedlem, eller tilsvarande nær den smitta, skal i 10 dagar smittekarantene. Det er mogeleg å testa seg ut av karantene ved test teke tidlegast 7 døgn etter nærkontakt.
Øvrige nærkontaktar har ikkje lengre karanteneplikt, men vert anbefalt å testa seg på dag 3 og dag 5. Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar.
Endringer i TISK-strategien
Legekontoret har hurtigtestar og deler desse ut etter fagleg vurdering.
Testing og smittesporing - Eidfjord kommune
Bygdaheimen
- Ope for besøk, men følgja besøksrutinane
- Alle som kjem på besøk må gå med munnbind
Besøksrutinar på Eidfjord bygdaheim
Oppmoding frå regjeringa
- Sei ja til vaksine
- Hald deg heima og test deg om du er sjuk
- Anbefalt å begrense antal nærkontakar
Elles
- Hald 1 meters avstand til andre enn dei du bur med
- Du bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar i heimen
- Det er påbud med munnbind der det ikkje er mogleg å halda 1 meters avstand